Lernu Esperanton!

Lagt ut: 24. november 2009 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

I dag har eg søkt på eit kurs i Esperanto på Stockholms universitet til våren. Kurset er utelukkande nettbasert, gjev 7,5 studiepoeng og har søknadsfrist den 18. desember, så det er berre å slengja seg med! Les meir om kurset og klikk på Anmäl for å søkja. Det er ingen førekunnskapskrav – alt som trengst er eit vitnemål frå vidaregåande skule, og svenskane handsamar norske vitnemål like godt som Samordna opptak.

Kva kan du bruka Esperanto til? Bortsett frå at det er den enklaste måten å utvida språkportefølja di på, kan du lesa meir om praktiske og ideologiske grunnar hjå det norske esperantoforbundet Norvega Esperantista Ligo.

Korleis ser det ut? Her er opninga av La Montarino (Haugtussa) av Arne Garborg, omsett av Odd Tangerud i samarbeid med Anja Karkiainen:

Al vi, vi pala marĉa ej’
kun meniant’,
arde’, pluvi’ sur erikej’,
jen mia kant’.

Eriko velka sur dekliv’
de sonĝa mont’,
al vi mi kantas pri la viv’
en sombra mond’.

Kjelde: Gutenberg-prosjektet