The Jørgensen sound på Sunnmøre

Lagt ut: 1. juni 2010 | Stikkord: | 1 kommentar »

Ålesund kyrkje, våren 2010

Kyrkja. Foto: Jarle Fagerheim

J. H. Jørgensens orgelfabrikk var lenge nærast synonymt med norsk orgelbygging. I alle fall hadde firmaet med adresse Bogstadvegen ry på seg som den fremste orgelverkstaden i landet. Men dei som hugsar glansperioden på mellom 1920 og 1960 vert alt færre, til liks med instrumenta frå denne tida. Utskiftinga har gått så langt at inngåande kjennskap til Jørgensen-orgel ikkje lenger er nokon samnemnar for nye generasjonar av orgelspelarar. Underskrivne er fødd etter at firmaet leverte sitt siste nye orgel, og hadde fram til nyleg berre hatt nærkontakt med instrumenta i Bodø domkyrkje og Hønefoss kyrkje. Sistnemnde gjekk som kjent tapt i brannen tidlegare i år, medan planane om nytt orgel i Bodø no er i ferd med å materialisera seg.

Vi er mange som gleder oss over utsiktene til eit fullgodt domorgel i Sør-Hålogaland, men det er interessant å merkja seg dei gjennomførde og planlagde restaureringane av fire andre monumentale Jørgensen-orgel – i Skien, Paulus (Oslo), Glemmen (Fredrikstad) og Ålesund. Medan planane i Skien framleis er på teiknebrettet, og Paulus fyrst står klart i haust, kan vi allereie no ta turen til Fredrikstad og Ålesund på jakt etter «the Jørgensen sound» i frisk utgåve. Orgelspelet har sett og høyrt nærare på instrumentet i jugendhovudstaden.

Ålesund kyrkje stod ferdig i 1909, som krona på atteroppbygginga etter den store bybrannen fem år tidlegare. Olsen & Jørgensen leverte eit orgel på 22 stemmer til den nye kyrkja, plassert på eit sidegalleri ved koret. 1. sundag i advent 1945 leverte J. H. Jørgensen eit heilt nytt orgel med 70 klingande register til det store galleriet i vest, med fjernverk i tårnet. Aldri seinare skulle firmaet levera eit så stort orgel, som ved vigsla var det tredje største Noreg, etter dei tyskbygde domorgla i Nidaros og Oslo.

Hovudorgelet. Foto: Rieger Orgelbau

Etter at Rieger Orgelbau gjorde seg ferdig i fjor haust, er det endå større: den gamle orgelfasaden på sidegalleriet er atter klingande, for fyrste gong sidan det opphavlege instrumentet vart gjeve bort til Langevåg kyrkje i 1947, med 23 nye stemmer. Hovudorgelet er restaurert, med uendra disposisjon bortsett frå ein ny Subbass 32′ i pedalverket. Det nye fem-manuals spelebordet kontrollerer no ikkje mindre enn ti verk: hovudverk, positiv, svellverk, soloverk og pedalverk på galleriet i vest; hovudverk, svellverk og pedalverk på sidegalleriet ved koret; fjernverk og klokkespel – 39 klokker, levert av Olsen & Nauen – i tårnet. Vi har altså med eit gedigent instrument å gjera, ikkje berre i norsk målestokk, men orgelbygg er som kjent ikkje berre eit spørsmål om kvantitet. Ålesund har ei romeleg kyrkje, men vert det for mykje av det gode?

På papiret er likskapen til det to år eldre orgelet i Paulus kyrkje slåande. Den varme, strykande klangen kjenner vi då òg att med det same når kantor Jostein Maude slår an tonen på hovudorgelet. Samstundes merkjer vi ein annan spenst og fylde etter kvart som fleire av fleire av stemmene kling med. Vi ventar på at klangen skal gje etter, på at dei vanlege lekkasjane og stumme tonane skal melda seg – forgjeves. Dette orgelet har lunger heile vegen opp til eit tutti som best kan skildrast som monumentalt. Det er nok ein klang som høver best for særskilde høve, men ikkje ein gong med alle register ute vert det meir lyd enn at kyrkjerommet spelar på lag. Dei store 16′-stemmene i pedalen gjer særleg inntrykk. Vi kjenner dei i magen, utan at dei er påtrengjande på nokon måte.

Kororgelet. Foto: Rieger Orgelbau

Det nybygde kororgelet byd på nokre verkeleg nydelege einskildstemmer, som Salicional 8′ i svellverket. Hovudorgelet kling noko mindre delikat frå spelebordet, men klangen utviklar seg fint i kyrkjerommet. Den som er viljug til å utforska ulike kombinasjonar av stemmer, skulle kunna boltra seg i månader og år med dei 7001 pipene. Her finst det meste – men ikkje alltid der ein skulle tru. Til dømes manglar svellverket på galleriet i vest heilt ei trompetstemme. Om ein ikkje vil ta til takke med den fyldige Trompet harmonique i svellverket på sidegalleriet, har soloverket – som til liks med dei to svellverka, positivet og fjernverket står i svellkasser – ein Tuba 8′. Avhengig av svellopninga kan denne gjera teneste både som solostemme og i kombinasjon med andre stemmer. For ikkje å nemna den runde, fine Horn 8′ i fjernverket.

Spelebordet. Foto: Jarle Fagerheim

Spelebordet legg på alle måtar til rette for kreativ utnytting av dei klanglege ressursane. Her kan organisten sjølv velja kva verk som skal spelast frå kvart av dei fem manuala, kva svelldører og registercrescendo som skal styrast av dei fire svellpedalane. Manual og pedal kan koplast både normalt og oktavert. Når orgelet attpåtil kan ta opp speling og registreringar, så organisten kan stå nede i kyrkja og høyra seg sjølv, er det vanskeleg å ynskja seg fleire hjelpemiddel. Sjølvsagt opnar mylderet av funksjonar òg for misbruk, men dette er i alle fall ikkje eit orgel der ein udugeleg organist kan skulda på instrumentet om klangen ikkje er fin å høyra på.

Trakturen er presis og uhyre rask. Det kunstnariske poenget med å spela ein trio av Bach på fjernverk, kororgel og hovudorgel samstundes er kanskje tvilsamt, men her er det ikkje langt frå mogleg. Meir interessant er det at dette orgelet opnar for framføringar av repertoar vi elles gjerne må utanlands for å høyra, som dei store orkestertranskripsjonane av Edwin H. Lemare, musikk som stiller kolossale tekniske krav til både instrument og utøvar. Orgelet er no i Ålesund – så står det att å sjå om organistane kjem etter. Kanskje må vi, som vanleg i dette landet, venta til noko skjer i hovudstaden før den store hopen legg merke til utviklinga. Heldigvis er det heller ikkje lenge til vi kan oppleva liknande klangar i Paulus kyrkje.


Har orgelet ei framtid?

Lagt ut: 6. april 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Organistar og orgelvener i Noreg og andre land ottast gjerne for framtida. Det vert jamt betre plass i kyrkjebenkene, både til gudsteneste og orgelkonsertar. Kultursatsinga i samfunnet vert målt etter kor mange fotballbanar vi byggjer, og generasjonane som såg klassisk musikk som ein naturleg del av menneskeleg daning og samfunnsborgarskap er i ferd med å gå i grava. Er det eigentleg noko vi kan gjera? Er orgelkulturen vi held så høgt dømd til å døy?

Dei materielle vekstvilkåra for ein blømande orgelkultur i Noreg har i alle fall aldri vore betre. Ei vesal trøyst, kanskje, for organistar som til dagleg må stri med tankelause disposisjonar og sviktande mekanikk, men det er ikkje mange her i landet som er meir enn ein time unna eit pipeorgel av høg kvalitet. Elektroniske etterlikningar har spreidd uro i organistkrinsar i over 40 år, utan at dei faktiske konsekvensane har stått i stil.  Den faktiske konkurransen mellom instrumenttypane er minimal. Digitalorgelet fyller ein nisje i kyrkjer som har reelle problem med å få råd til eit dugande pipeorgel, og der drivkreftene for ein kyrkjemusikk der pipeorgelet kjem til sin rett er så veike at eit eventuelt pipeorgel hadde vorte ståande ubruka eller jamvel misbruka. Folk lyttar til fagkompetansen når dei har tillit til at det er det dei har med å gjera. Slik tillit byggjer vi best ved å skapa den beste musikken vi kan, ut frå dei føresetnadene som finst. Og når vi lyfter blikket, ser vi klart at det norske orgellandskapet er rikt nok til at vi kan bringa orgelmusikken ut til folk over heile landet.

Der vi på norsk gjerne talar om å musisera, heiter det på engelsk to make music. Spørsmålet er kva slags orgelmusikk vi vil skapa, og då kjem vi ikkje utanom å spørja oss kva musikk er. Å gje eit fullgodt svar på det siste spørsmålet med hjelp av ord, er like umogleg som å transkribera Markens grøde frå Hamsuns roman til eit stykke orgelmusikk utan å mista noko undervegs. Det vi kan gjera er å sjå musikk og språk som ulike uttrykk for menneskeleg energi. Det eine kan ikkje omformast til det andre utan at noko av energien går tapt undervegs. Sjølve svaret på det fyrste spørsmålet er heller ikkje viktig. Det finst like mange gyldige svar som det finst musikarar. Problemet oppstår når vi er så nøgde med svaret at vi sluttar å stilla spørsmålet, når vi lukkar døra for at det kan finnast meir enn det konsepta våre femnar om. Med det same vi finn svaret med stor S – anten det er «nyansert artikulasjon», «variert registrering», «publikumsvenleg repertoar», «historisk framføringspraksis» eller noko anna – stengjer vi ute noko av den energien som er musikken.

Musikken fungerer til liks med språket som ein inngangsport til eit djupare plan, til kjenslene som driv menneskja, til det vi er. Men vi er òg i stand til å bruka dei som inngangsportar til å verta det vi tenkjer vi burde vera. Den dominerande forbrukarkulturen appellerer til dei breie massane ved å spela på ei oppfatning om ufullkomenskap. Vi er ikkje bra nok om vi ikkje har den nyaste bilen, det flottaste huset, den største flatskjermen og det mest symmetriske rynkefrie andletet. Superstjernene er ikona som har alt dette, som får oss til å tru at vi kan verta fullkomne ved å verta som dei. Om vi ikkje sjølve lukkast i å vera perfekte, oppnår vi i det minste kortsiktig lukke ved å kunna slå fast at vi er betre enn naboen.
Orgelmiljøet og andre kulturelle understraumar set seg gjerne i opposisjon til den «overflatiske» massekulturen, men oppfatninga om ufullkomenskap synest minst like utbreidd. Verdien min som organist er avhengig av at eg spelar dei rette notane på den rette måten på det rette instrumentet. Dette er overtydeleg på ein stad som musikkhøgskulen, der studentane knappast vågar å opptre for kvarandre i dei såkalla forumtimane. Redsla for å ikkje vera bra nok, for å gjera noko feil eller ukorrekt, dominerer både under og etter studiet, trass at sjølve studiemiljøet på mange måtar er framifrå.

Det er ei kjend innsikt at fantastisk teknikk åleine ikkje gjer nokon stor musikar. Det gjer heller ikkje all verdas kjennskap til historisk framføringspraksis, ei velutvikla formkjensle, musikalsk vidsyn og dei andre tolkande (interpreterande) sidene ved musikken. Alt dette er påkravde verktøy for å kunna framføra ein koralfantasi av Reger, men ei stor musikkoppleving inneheld noko meir – det vesle ubestemmelege ekstra, som opnar nye landskap av lyd. Musikken er ladd med og vert boren fram av kjensler, anten ramma er ein fuge av Bach eller eit enkelt salmeforspel. Kort sagt: Musikaren har noko på hjarta.

Når svaret på låge tilhøyrartal på orgelkonsertar vert ein debatt om vi bør spela «populær» eller «seriøs» musikk, om vi skal appellera fyrst og fremst til massane eller til dei innvigde, er vi på villspor. Som musikarar og musikkelskarar er vi ulike, og vil heile tida finna ulike svar. Kva svaret i kvart tilfelle vert, er uvesentleg så lenge vi er fullt ut sannferdige med oss sjølve. Det er nesten umogleg å ikkje verta rørd av utstrålinga frå ein musikar som verkeleg brenn for musikken sin. Likeeins unngår folk sjeldan å leggja merke til det når musikaren er ukomfortabel med framføringa, slit med å finna uttrykket sitt og prøver å spela «korrekt» (og kanskje får det til). Den einaste gruppa som verkeleg er i faresona for å gå glipp av slik utstråling, er dei av oss som har kunnskap til å døma ei framføring ut frå faglege, kjensletome kriterium.

Heldigvis lèt folk seg framleis røra av entusiasme, inspirasjon og utstråling. Om vi kan formidla dette, er eine og åleine opp til oss sjølve, som organistar og orgelvener. Det er eit stort ansvar, og krev ikkje mindre enn at vi er viljuge til å gje av oss sjølve. Dei gode nyhenda er at vi faktisk har alt som trengst – i oss sjølve. Ein av dei verkeleg store organistane verda har fostra, Edwin H. Lemare, sa det slik då han skulle oppsummera kunsten å spela orgel:

Lat meg be deg om å gje ditt beste og edlaste for å utvikla ei kunstnarleg ånd i høgste forstand, og hugsa at kvar vakre tanke og kvart vakre uttrykk som vert sådd i denne verda aldri døyr og aldri vil slutta å påverka, men alltid bera god frukt. Kva meir kan vi ynskja?

(Denne artikkelen stod på trykk i Orgelspeilet 1-2010)


(English) The new organ of Uranienborg church

Lagt ut: 24. november 2009 | Stikkord: | Ingen kommentarar »

Photo: Orgelbau Kuhn

Photo: Orgelbau Kuhn

We have been experiencing something of a wave of new, sizeable pipe organs in Norway for the past decade, as several cathedrals and main churches have had their post-war instruments rebuilt or replaced. Not without reason: the 1940′s to 80′s are widely considered a low point of Norwegian organ building, even though there certainly are gems worthy of restoration and preservation from this period as well. This wave seems not to be affected by the economic crisis, probably because new instruments are subject to generous funding by Europe’s most affluent petroleum state.

For some time, comparatively little happened to the organ scene of Oslo, the capital city, but this is changing.

Les resten av innlegget »


Om Cameron Carpenter og å vera seg sjølv i musikken

Lagt ut: 18. november 2009 | Stikkord: , , | 2 kommentarar »

Mange musikarar i den klassiske tradisjonen gjev inntrykk av å gjera alt for å ikkje vera seg sjølve i musikken. Musikaren har status som eit medium, ein rein formidlar for den geniale komponisten. Folk går på konsert for å «høyra Bach», trass i at gamle Johann Sebastian forlét oss i 1750. Om dei som skal framføra musikken har godt ry på seg som Bach-tolkarar er det bra. Då kan vi koma nærare intensjonane, det Thomaskantoren meinte der han sat og komponerte. Så langt er det velkome at utøvarane set preg på musikken.

Men ingen må tru at dei kan tilføra musikken noko nytt, noko komponisten ikkje sjølv hadde i tankane, utan å fornedra meisterverket. Kven av oss døyelege kan vel måla seg med Bach og Beethoven?

Les resten av innlegget »


Kyrkjemusikalske kjettarord

Lagt ut: 16. november 2009 | Stikkord: , , , | Ingen kommentarar »

I dag er det tre år sidan eg heldt min fyrste orgelkonsert i utlandet. Her på bloggen vil eg i tida som kjem kasta fram nokre tankar eg har gjort meg om framføring og formidling av musikk, som utøvar og publikummar. Dei kan vera hard kost for nokon, men det får det heller vera. Ta del i ordskiftet ved å skriva i kommentarfeltet under artikkelen.

Musikk er menneskeleg samhandling. Sosiologar ville kalla det «relasjonelt». Ein enklare måte å seia det på er at musikk oppstår mellom menneske – og då tenkjer eg musikk som i Bach og Beatles, ikkje «søt musikk». (Ei anna sak er at dyr òg er musikalske, men det får eg koma tilbake til ein annan gong.)

Inga samhandling utan handling. Nokre musikalske handlingar er ytring, mottak og tilsvar. Under ei framføring går desse handlingane i krinslaup inni meg som utøvar. Eg ytrar meg ved å spela. Eg tek imot ved å lytta til det eg spelar. Eg svarar ved å spela vidare, kan henda på ein litt annan måte som fylgje av lyttinga. Alt skjer sjølvsagt samstundes, men dei tre handlingane heng ihop på eit vis. Eit liknande krinslaup går mellom meg og publikum.

Les resten av innlegget »


(English) Is learning the organ different from learning other things?

Lagt ut: 13. november 2009 | Stikkord: , , , | 3 kommentarar »

I orginally posted this on the PipeChat mailing list almost five years ago, at age 15. I’ve changed my mind on many things since then, but this post still represents my views fairly well. If you find it interesting, do read the 2001 book The Hacker Ethic, in which Pekka Himanen provides some extremely thought-provoking perspectives on this and related issues.

We need to ask ourselves one very fundamental question: Is learning how to make music (in this case, organ music) different from learning other things?

Les resten av innlegget »