Åra som går

Lagt ut: 12. desember 2009 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Eg var på farten og fekk ikkje lagt ut noko filmtips førre laurdag. Sidan eg nett er komen tilbake til Oslo, gjer eg det lett for meg denne gongen, og plagierer eit tips frå bloggen Karibua (som intervjua meg tidlegare i haust). Dokumentaren Åra som går er ei sterk innføring i den hårreisande konstruksjonen som er norsk narkotikapolitikk:


Jesus, kyrkja og dei rusmiddelavhengige

Lagt ut: 28. november 2009 | Stikkord: , , | 1 kommentar »


Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg … Alt det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.

Utdraget er frå preiketeksten i Den norske kyrkja førre sundag, den såkalla domssundagen. Med slike tekstar på det faste programmet, er det til å undrast over kvifor statsreligionen ikkje vekkjer meir oppsikt. Det er harde ord Jesus vert sitert på, og dessutan så klare ord at bodskapen vanskeleg kan dempast utan å ha teologisk embetseksamen. Til gjengjeld presterer prestane ofte sine mest imponerande tolkingstekniske kunststykke nett denne sundagen. Dei færraste vågar å leggja retoriske knep på hylla og la teksten konfrontera oss ope.

Les resten av innlegget »