Min kjære sambuar og intervju-spesialist Kari skriv stundom ned samtalane våre her heime. Resultatet er Dialogbua, der vi alt har lagt ut ei rekkje samtalar:
Jan Pieterszoon Sweelinck (1562-1621) har nok hatt meir å seia for utviklinga av vestleg musikk enn folk flest er klare over – så godt som alle (klassiske) musikarar i dag vil kunna spora lærar-stamtavla si tilbake til den gamle Amsterdammaren. Av dei mest kjende verka hans er dei nydelege variasjonane over Mein junges Leben hat ein End. Her er min versjon, frå Skien kyrkje langfredag:
Organistar og orgelvener i Noreg og andre land ottast gjerne for framtida. Det vert jamt betre plass i kyrkjebenkene, både til gudsteneste og orgelkonsertar. Kultursatsinga i samfunnet vert målt etter kor mange fotballbanar vi byggjer, og generasjonane som såg klassisk musikk som ein naturleg del av menneskeleg daning og samfunnsborgarskap er i ferd med å gå i grava. Er det eigentleg noko vi kan gjera? Er orgelkulturen vi held så høgt dømd til å døy?
Dei materielle vekstvilkåra for ein blømande orgelkultur i Noreg har i alle fall aldri vore betre. Ei vesal trøyst, kanskje, for organistar som til dagleg må stri med tankelause disposisjonar og sviktande mekanikk, men det er ikkje mange her i landet som er meir enn ein time unna eit pipeorgel av høg kvalitet. Elektroniske etterlikningar har spreidd uro i organistkrinsar i over 40 år, utan at dei faktiske konsekvensane har stått i stil. Den faktiske konkurransen mellom instrumenttypane er minimal. Digitalorgelet fyller ein nisje i kyrkjer som har reelle problem med å få råd til eit dugande pipeorgel, og der drivkreftene for ein kyrkjemusikk der pipeorgelet kjem til sin rett er så veike at eit eventuelt pipeorgel hadde vorte ståande ubruka eller jamvel misbruka. Folk lyttar til fagkompetansen når dei har tillit til at det er det dei har med å gjera. Slik tillit byggjer vi best ved å skapa den beste musikken vi kan, ut frå dei føresetnadene som finst. Og når vi lyfter blikket, ser vi klart at det norske orgellandskapet er rikt nok til at vi kan bringa orgelmusikken ut til folk over heile landet.
Der vi på norsk gjerne talar om å musisera, heiter det på engelsk to make music. Spørsmålet er kva slags orgelmusikk vi vil skapa, og då kjem vi ikkje utanom å spørja oss kva musikk er. Å gje eit fullgodt svar på det siste spørsmålet med hjelp av ord, er like umogleg som å transkribera Markens grøde frå Hamsuns roman til eit stykke orgelmusikk utan å mista noko undervegs. Det vi kan gjera er å sjå musikk og språk som ulike uttrykk for menneskeleg energi. Det eine kan ikkje omformast til det andre utan at noko av energien går tapt undervegs. Sjølve svaret på det fyrste spørsmålet er heller ikkje viktig. Det finst like mange gyldige svar som det finst musikarar. Problemet oppstår når vi er så nøgde med svaret at vi sluttar å stilla spørsmålet, når vi lukkar døra for at det kan finnast meir enn det konsepta våre femnar om. Med det same vi finn svaret med stor S – anten det er «nyansert artikulasjon», «variert registrering», «publikumsvenleg repertoar», «historisk framføringspraksis» eller noko anna – stengjer vi ute noko av den energien som er musikken.
Musikken fungerer til liks med språket som ein inngangsport til eit djupare plan, til kjenslene som driv menneskja, til det vi er. Men vi er òg i stand til å bruka dei som inngangsportar til å verta det vi tenkjer vi burde vera. Den dominerande forbrukarkulturen appellerer til dei breie massane ved å spela på ei oppfatning om ufullkomenskap. Vi er ikkje bra nok om vi ikkje har den nyaste bilen, det flottaste huset, den største flatskjermen og det mest symmetriske rynkefrie andletet. Superstjernene er ikona som har alt dette, som får oss til å tru at vi kan verta fullkomne ved å verta som dei. Om vi ikkje sjølve lukkast i å vera perfekte, oppnår vi i det minste kortsiktig lukke ved å kunna slå fast at vi er betre enn naboen.
Orgelmiljøet og andre kulturelle understraumar set seg gjerne i opposisjon til den «overflatiske» massekulturen, men oppfatninga om ufullkomenskap synest minst like utbreidd. Verdien min som organist er avhengig av at eg spelar dei rette notane på den rette måten på det rette instrumentet. Dette er overtydeleg på ein stad som musikkhøgskulen, der studentane knappast vågar å opptre for kvarandre i dei såkalla forumtimane. Redsla for å ikkje vera bra nok, for å gjera noko feil eller ukorrekt, dominerer både under og etter studiet, trass at sjølve studiemiljøet på mange måtar er framifrå.
Det er ei kjend innsikt at fantastisk teknikk åleine ikkje gjer nokon stor musikar. Det gjer heller ikkje all verdas kjennskap til historisk framføringspraksis, ei velutvikla formkjensle, musikalsk vidsyn og dei andre tolkande (interpreterande) sidene ved musikken. Alt dette er påkravde verktøy for å kunna framføra ein koralfantasi av Reger, men ei stor musikkoppleving inneheld noko meir – det vesle ubestemmelege ekstra, som opnar nye landskap av lyd. Musikken er ladd med og vert boren fram av kjensler, anten ramma er ein fuge av Bach eller eit enkelt salmeforspel. Kort sagt: Musikaren har noko på hjarta.
Når svaret på låge tilhøyrartal på orgelkonsertar vert ein debatt om vi bør spela «populær» eller «seriøs» musikk, om vi skal appellera fyrst og fremst til massane eller til dei innvigde, er vi på villspor. Som musikarar og musikkelskarar er vi ulike, og vil heile tida finna ulike svar. Kva svaret i kvart tilfelle vert, er uvesentleg så lenge vi er fullt ut sannferdige med oss sjølve. Det er nesten umogleg å ikkje verta rørd av utstrålinga frå ein musikar som verkeleg brenn for musikken sin. Likeeins unngår folk sjeldan å leggja merke til det når musikaren er ukomfortabel med framføringa, slit med å finna uttrykket sitt og prøver å spela «korrekt» (og kanskje får det til). Den einaste gruppa som verkeleg er i faresona for å gå glipp av slik utstråling, er dei av oss som har kunnskap til å døma ei framføring ut frå faglege, kjensletome kriterium.
Heldigvis lèt folk seg framleis røra av entusiasme, inspirasjon og utstråling. Om vi kan formidla dette, er eine og åleine opp til oss sjølve, som organistar og orgelvener. Det er eit stort ansvar, og krev ikkje mindre enn at vi er viljuge til å gje av oss sjølve. Dei gode nyhenda er at vi faktisk har alt som trengst – i oss sjølve. Ein av dei verkeleg store organistane verda har fostra, Edwin H. Lemare, sa det slik då han skulle oppsummera kunsten å spela orgel:
Lat meg be deg om å gje ditt beste og edlaste for å utvikla ei kunstnarleg ånd i høgste forstand, og hugsa at kvar vakre tanke og kvart vakre uttrykk som vert sådd i denne verda aldri døyr og aldri vil slutta å påverka, men alltid bera god frukt. Kva meir kan vi ynskja?
(Denne artikkelen stod på trykk i Orgelspeilet 1-2010)
Mange musikarar i den klassiske tradisjonen gjev inntrykk av å gjera alt for å ikkje vera seg sjølve i musikken. Musikaren har status som eit medium, ein rein formidlar for den geniale komponisten. Folk går på konsert for å «høyra Bach», trass i at gamle Johann Sebastian forlét oss i 1750. Om dei som skal framføra musikken har godt ry på seg som Bach-tolkarar er det bra. Då kan vi koma nærare intensjonane, det Thomaskantoren meinte der han sat og komponerte. Så langt er det velkome at utøvarane set preg på musikken.
Men ingen må tru at dei kan tilføra musikken noko nytt, noko komponisten ikkje sjølv hadde i tankane, utan å fornedra meisterverket. Kven av oss døyelege kan vel måla seg med Bach og Beethoven?
I dag er det tre år sidan eg heldt min fyrste orgelkonsert i utlandet. Her på bloggen vil eg i tida som kjem kasta fram nokre tankar eg har gjort meg om framføring og formidling av musikk, som utøvar og publikummar. Dei kan vera hard kost for nokon, men det får det heller vera. Ta del i ordskiftet ved å skriva i kommentarfeltet under artikkelen.
Musikk er menneskeleg samhandling. Sosiologar ville kalla det «relasjonelt». Ein enklare måte å seia det på er at musikk oppstår mellom menneske – og då tenkjer eg musikk som i Bach og Beatles, ikkje «søt musikk». (Ei anna sak er at dyr òg er musikalske, men det får eg koma tilbake til ein annan gong.)
Inga samhandling utan handling. Nokre musikalske handlingar er ytring, mottak og tilsvar. Under ei framføring går desse handlingane i krinslaup inni meg som utøvar. Eg ytrar meg ved å spela. Eg tek imot ved å lytta til det eg spelar. Eg svarar ved å spela vidare, kan henda på ein litt annan måte som fylgje av lyttinga. Alt skjer sjølvsagt samstundes, men dei tre handlingane heng ihop på eit vis. Eit liknande krinslaup går mellom meg og publikum.
I orginally posted this on the PipeChat mailing list almost five years ago, at age 15. I’ve changed my mind on many things since then, but this post still represents my views fairly well. If you find it interesting, do read the 2001 book The Hacker Ethic, in which Pekka Himanen provides some extremely thought-provoking perspectives on this and related issues.
We need to ask ourselves one very fundamental question: Is learning how to make music (in this case, organ music) different from learning other things?