Lagt ut: 4. juni 2010 | Stikkord: mat | 2 kommentarar »
Etter månader med vingling i matvegen og ditto varierande helse og dagsform, er eg tilbake på såkalla lågkarbo-kosthald. Det vil seia at eg stort sett livnærer meg på feitt og protein. Prinsippet om å eta så mykje eg orkar av alt anna enn karbohydrat er enkelt nok, men inngrodde vanar er vonde å venda. I kveld måtte eg altså finna på noko anna enn den sedvanlege brødskiva til kvelds. Her er resultatet:

Foto: Kari Bu
Brødskiva er bytt ut med ei skive squash, med turka urter og ein god ost på. Den mest velsmakande varianten i kveld var med rosmarin, pepar og økologisk fjellost frå Hemsegarden (finst no på Coop over heile landet, nam!). Prøv òg med til dømes dill og oregano, eller med friske urter, eller frø av solsikke og graskar. Like god til enkel kveldsmat som til festleg lag i staden for ost og kjeks.
Lagt ut: 24. mai 2010 | Stikkord: mat | 2 kommentarar »

Andre pinsedag. Butikken er stengt, og eg har lyst på noko anna enn brødmat til lunsj. Eg hugsar eg har ei pakke pasta, litt kapers og parmesan. Og lauk. Og restar frå ein boks solturka tomat. Det byrjar å likna noko. På pastapakka står det ei oppskrift på pasta med sopp. Handplukka sopp frå i fjor ligg i frysaren. Mykje godsmak seinare skriv eg ned oppskrifta medan eg framleis hugsar kva eg gjorde:
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 6. april 2010 | Stikkord: mat | 1 kommentar »
Ein av tinga eg har bruka tid på i staden for å skriva på bloggen i det siste, er matlaging. Påskeaftan hadde eg åtte vener på middagsselskap. Maten vart så god at eg tek sjansen på å dela oppskriftene her:
Bacalao
nok til 8-10 personar
3 pakkar ferdig reinsa kleppfisk à 400 g
2 kg poteter
3 lauk
5 fedd kvitlauk
2 raude chili
1 boks tomatpure
3 boksar tomat
4 dl vatn
Olivenolje
Krydder
Legg fisken i blaut over natta, og skift vatn om morgonen (om du lagar maten på ettermiddagen). Hakk lauk i båtar, finhakk kvitlauk og chili (utan frø). Surr lauk, kvitlauk og chili nokre minutt med olivenolje i ei stor gryte. Ha i tomatpure og lat det putra nokre minutt til. Ha i tomat og vatn og kok opp. Smak, og tilset krydder du likar. Eg bruka ei blanding av basilikum, cayennepepar, paprikapulver og svart pepar, og godt med olivenolje. Tilset litt og litt, og smak deg fram. (Saltsmak vil fisken stå for.) Lat småkoka ei lita stund. Skjer fisken i skei-store bitar og ha oppi gryta (legg på eit lag av fiskebitar og dytt dei nedi med ei leiv, legg på nytt lag og så bortetter). Småkok vidare 1-2 timar, rist/snurr på gryta av og til for at det ikkje skal svi seg i botnen. Kok poteter ved sidan av, og voila! Skriv i kommentarfeltet om du kan føreslå ein god salat til.
Eplekake
nok til 8-10 personar (i alle fall etter bacalao)
125 g smør (eg brukar økologisk Rørossmør, nam!)
1,5 dl sukker
2 egg
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
2 ms fløyte
2-3 eple
2 ms sukker
1 ts kanel
Rør sukker og smør porøst, tilset egg og rør godt. Bland bakepulver og mjøl, dryss det i røra vekselvis med fløyten og vidare røring. Fyll i smurt form, legg på eplebåtar, strø over sukker og kanel. Steik på 175 grader i 30-40 min (meir dersom du brukar eldfast form i staden for kakeform). Server med vaniljeis.
Smakelijk eten!