Goethiansk genforsking og andre læringsprosessar

Lagt ut: 8. september 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Dagens pedagogikkførelesing vart avslutta med at vi såg eit føredrag med Ken Robinson. Lovande! Seinare var eg på dialogmøte i Oslo-avdelinga av The Scientific and Medical Network.

Utgangspunkt for dialogen var boka Det levende universet av Duane Elgin, ei lita bok med stor spennvidd. Her vil eg kort ta opp to emne vi kom inn på i løpet av kvelden.

Johann Wolfgang von Goethe er best hugsa som diktar, men var i samtida ein framståande vitskapsmann. Han utvikla sin eigen «goethianske» vitskaplege metode som han la til grunn for arbeidet sitt med alt frå fargar til skyformasjonar og plantar. Henri Bortoft skriv om denne:

Målet er forståing i staden for forklaring, deltaking i staden for manipulasjon og kontroll. Men goethiansk vitskap bør sjåast som eit komplement til den vanlege vitskapen heller enn som ein motsetnad, og slik ha potensial til å vega opp ubalansen i kjølvatnet av den einsidige tilnærminga som dominerer vitskapen i dag.

Les resten av innlegget »


Å dra seg sjølv opp etter håret

Lagt ut: 7. september 2010 | Stikkord: | 4 kommentarar »

Vel tre veker ut i lærarstudiet har eg fått eit visst inntrykk av dei faglege krava og forventingane. For meg som har eit lesetempo og ein logisk-matematisk («tradisjonell») intelligens eit stykke over gjennomsnittet, er dei ikkje særleg avskrekkande.

Eg skal nøya meg med eitt døme: på opningsdagen sa studieleiar at vi som studentar på fulltid måtte rekna med å lesa 20 sider pensum om dagen fram mot ein bachelor-grad. Det tek meg som regel i underkant av éin time (inkludert notering).

Fint, kan eg tenkja, då får eg god tid til alle dei andre syslene mine, til dømes denne bloggen. Men det er heller ikkje særleg utfordrande. Altså må eg jobba særs medvite med eigen motivasjon, laga mine eigne utfordringar der studiet ikkje strekk til, om eg skal yta noko i nærleiken av det eg er god for som lærarstudent. I mellomtida går eg på obligatoriske, tre timar lange førelesingar, der eitt av dei sikraste innslaga er at førelesaren uttrykkjer medkjensle for at vi studenter vert overlessa med kunnskap og leselekser.

Les resten av innlegget »


Kahn kan kunnskap

Lagt ut: 1. september 2010 | Stikkord: , | 1 kommentar »

Mange lærarar og lærarstudentar innser at tilpassa opplæring trengst, like mykje for fagleg sterke som for fagleg svake elevar. – Men korleis kan eg greia å fylgja opp alle 28 elevane i klassa?

Fyrste steg når det gjeld dei «flinke» elevane er å innsjå at dei ikkje plent treng gjennomtenkte oppgåver frå læraren for å greia seg. Viktigare: ei oppgåve som er «gjennomtenkt» for elevar på eit lågare nivå, kan vera beint fram skadeleg. Det er langt betre å la ein leseglad seksåring i fred med eit Donald-blad, enn å tvinga henne til å forma bokstavar i plastilina saman med dei andre som enno held på å læra alfabetet.

Neste steg er å overskrida dei vanlege råmene i skulen. Dei er nett det, vane-lege, eit resultat av vaner, ikkje naturlovar. Ein andreklassing som meistra alle rekneartane før han byrja på skulen, kan kanskje få passelege matematiske utfordringar i ei femteklasse. Det kan vera ein dårleg ide å ta han ut av den vanlege klassa, eller det kan vera ein genistrek. Ingen veit før det er testa. Ein elev på mellomtrinnet med brennande interesse for til dømes historie, kan få fri nokre timar i veka for å gå på førelesing på næraste høgskule eller universitet.

Desse potensielt særs effektive tiltaka for auka læring, livsglede og trivsel kostar ikkje skulen ei krone. Grunnen til at dei ikkje er så vanlege som dei kunne ha vore, er mangel på kreativitet og fleksibilitet, snarare enn strame budsjett.

Les resten av innlegget »


Skråblikk: Nei til gratis frukt og grønt

Lagt ut: 31. august 2010 | Stikkord: , , | 3 kommentarar »

Partiet Høgre meiner norske barneskular får for mange økonomiske pålegg som går ut over læringa. Utdanningspolitisk talskvinne Elisabeth Aspaker uttalar til VG at «leksehjelp, frukt og grønt og fysisk aktivitet må vike for kjerneområdet».

Eg er, som Høgre, sterkt imot å dela ut frukt og grønt i skulen. Slikt bør elevane skaffa seg sjølve. Arne Næss var i si tid kjend for å ta med studentar på epleslang. Dei som måtte ha moralske innvendingar mot slikt, kan vurdera å gå inn for fleire skulehagar.


Éin bokstav om gongen

Lagt ut: 30. august 2010 | Stikkord: | 1 kommentar »

Ei av dei fyrste oppgåvene vi fekk i pedagogikk på lærarutdanninga, var å tenkja tilbake på gode minne frå dei fyrste skuleåra. Eg sleit. Ikkje lett å koma på noko. Det meste er borte frå hugen, men eg hugsar noko av den knuste sjølvtilliten, mobbinga og sinnet mot dei vaksne.

Eg var ein glad og gløgg gut hausten 1996, då eg byrja i klasse 1 C på Kleppe skule. Lesa og skriva hadde eg lært meg god tid i førvegen, ikkje minst takk vere morfar min. Mine beste undervisningsminne er frå tida før eg vart skulegamal, på fanget til morfar. Vi teikna bilar og sjiraffar, las bøkene om Emil i Lønneberget, vi spela «Norge rundt» og kappast om å hugsa kor høge dei ymse fjella i Jotunheimen var.

Venene mine i grannelaget var jamt eitt år eldre, og foreldra mine søkte om framskunda skulestart. Avslag. Men eg gledde meg stort til å byrja på skulen til vanleg tid, oppglødd av vener som treivst godt på trinnet over.

Theodore Roosevelt

Mannen klassebamsen vår var kalla opp etter.

Så svartna det.

Les resten av innlegget »


– Kreativitet er like viktig som lesing og skriving

Lagt ut: 27. august 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Sir Ken Robinson meiner dagens skulesystem tek livet av kreativiteten. Trykk på «view subtitles» for å få føredraget teksta på norsk.

Les resten av innlegget »


Nasjonale prøver 2.0

Lagt ut: 26. august 2010 | Stikkord: , | 1 kommentar »

Los Angeles Times

I USA tek avisa LA Times skulestatistikk til nye høgder, og kvalitetsvurderer tusenvis av namngjevne lærarar. Det viktigaste funnet ser ut til å vera at lærarar som lukkast i å betra testresultata til ei klasse, har ein tendens til å gjera det same med neste klasse dei får. Eller som Espen Andersen skriv på den lesverdige bloggen sin: Lærerkvalitet viktigere enn alt annet.


Pengemangel – rota til alt vondt?

Lagt ut: 25. august 2010 | Stikkord: , , | 2 kommentarar »


Alle er samde om at eit tiltak som tilpassa opplæring er ein god idé, men det skortar på den praktiske gjennomføringa. Når røyster frå høgre ymtar om at kanskje lærarane kunne gjort ein betre jobb, er representantar for skulefolket snare med å slå klubba i bordet. Lærarane gjer så godt dei kan, dei, men dei manglar tid og ressursar.

Fenomenet er velkjent i oljestaten Noreg. Aldri før har vi hatt meir av alt, aldri har vi bruka meir av alt, og aldri har vi mangla meir. Løysinga på dei fleste problem i samfunnet er at staten må ta ansvar og løyva meir pengar.

Kan det tenkjast at denne uendelege tid- og ressursmangelen har andre årsaker enn pengemangel?

Meir pengar får skuleverket kvart einaste år, ikkje minst for at lærarar og andre tilsette skal få lønsveksten som fagforeiningane deira har forhandla fram. Dei ti siste åra har lærarane hatt ei lønsvekst på over 50 prosent, medan prisane på forbruksvarer berre gjekk opp med 23 prosent. Tenk om fagforeiningane ved årtusenskiftet hadde sagt: «Vi treng fleire lærarstillingar for å gjera ein forsvarleg jobb. Difor avstår vi frå lønsvekst utover prisveksten i det nye årtusenet. For medlemene våre er ein god arbeidsplass viktigare enn å stadig auka det private forbruket». Då kunne vi i teorien hatt 27 prosent fleire lærarar i dag!

Ei innvending er at utan lønsvekst i takt med andre yrkesgrupper, ville færre ha lyst til å jobba som lærar. Alle dei nye stillingane ville verta ståande tome, eller fylde opp av lågt kvalifiserte folk. Men kva er det som gjer at læraryrket slit med rekrutteringa – låg løn, eller ei oppfatning om eit yrke med uendeleg skort på ressursar til å gjera ein skikkeleg jobb?

Eg vil tru båe desse faktorane spelar inn, saman med ei lang rekkje andre. Det skulle vera eit argument for at mindre reallønsvekst i det minste burde diskuterast som eit alternativ.

Fleire lærarar per elev kan vi dessutan få utan å tilsetja ein einaste ny lærar. Vi kan heilt enkelt gjera skulen kortare. Den enklaste måten ville vera å gå tilbake til den ni-årige grunnskulen, og slik frigjera lærarkrefter tilsvarande eit heilt trinn på kvar skule. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at betre oppfylging av kvar elev kan gjera opp for det «tapte» året, og vel så det – Finland har til dømes ni år.
Ein annan måte er å gjera skuledagen kortare. Tenkjer vi oss at elevane på ein skule går seks timar om dagen i dag, kan lærartettleiken doblast ved å kutta skuledagen til tre timar. Den eine halvparten av elevane er på skulen dei fyrste tre timane, den andre halvparten dei neste tre; lærarane går på jobb som før, men underviser to og to i lag.

Eitt år kortare skulegang er kanskje for lite til å få den effekten eg ser føre meg, halvering av skuledagen er kanskje i meste laget, i alle fall til å byrja med. Poenget her, som med lønsveksten ovanfor, er berre å peika på eit særs reelt alternativ som sjeldan vert nemnt i debatten.