Lagt ut: 9. september 2010 | Stikkord: fred | Ingen kommentarar »
For professor Johan Galtung er vald og undertrykking noko som bør motarbeidast på same måte som sjukdom. Her har eg redigert og omsett til norsk ein tale han heldt for japanske utdanningsforskarar i Hiroshima. Galtung tek til orde for å gjera kunnskap om konflikthandtering like sjølvsagt som handvask og fyrstehjelp, og middelet er fredsutdanning.

Foto: Alexander Harang
Når eg frå mitt intellektuelle helikopter ser ned på landet Fred, ser eg tre regionar: Fortid, Notid og Framtid. Eg ser òg eit naboland med namnet Helse. I båe landa forskar dei på å unngå liding – mest på det individuelle planet i Helse, mest på det kollektive planet i Fred. I Helse er lidinga kjend som «sjukdom», i Fred som «vald».
Og dei forskar på å oppnå glede, lukke, individuell og kollektiv sjølvrealisering, det høgste gode, summum bonum. To ord for dette er nettopp Fred og Helse.
Dette høyrest viktig ut. Men får vanlege folk læra dette? Finst det utdanning for fred og helse?
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 6. august 2010 | Stikkord: fred | Ingen kommentarar »
Konsert på Hiroshimadagen 6. august 2010, i samband med Nordisk fredsakademi i Jondal i Hardanger.
- Jarle Fagerheim, orgel
- Una Eiken, fløyte
- Erla Eiken, song og piano
- Erlend Mæland, song og gitar
Appell ved Johan Galtung.
Program
Siciliana og Giga (Georg Friederich Händel)
Una Eiken og Jarle Fagerheim
Your song (Elton John)
Everything I do, I do it for you (Bryan Adams)
Where the wild roses grow (Nick Cave)
Erla Eiken og Erlend Mæland
Andante sostenuto frå Symphonie Gothique (Charles-Marie Widor)
Una Eiken og Jarle Fagerheim
Anthem
(Benny Andersson / Björn Ulvaeus / Tim Rice)
Endre Jacobsen og Jarle Fagerheim
Lagt ut: 14. desember 2009 | Stikkord: fred | Ingen kommentarar »
Oslo, 14. desember 2009
Eg stadfester å ha fått innkalling til militær sesjon 17. desember 2009 kl. 08:15 på RKE OSLO, med vedlagd informasjon og propagandamateriell.
Førre gong eg fekk slik innkalling (til KNM Harald Haarfagre, 30. mai 2007) opplyste eg i brev til Dykk (dagsett 16. mai 2007) at eg ikkje kom til å møta opp. Denne avgjerda, og grunngjevinga bak, står ved lag. De kjem altså ikkje til å sjå meg på torsdag, i alle fall ikkje på sesjonsstaden.
I brev dagsett 6. september 2007 (referanse 2007/041215-001 /VPV/PK/JTB/539) som De var så gilde å senda meg kopi av, bad De, ved kaptein John T. Barrusten, Krigsadvokaten om vurdera saka mi for vidare forfylging. Eg skulle gjerne visst kva Krigsadvokaten kom fram til, men har ikkje høyrt noko meir.
Fredeleg helsing
Jarle Fagerheim