Dialogbua

Lagt ut: 26. juni 2011 | Stikkord: , , , , | Ingen kommentarar »

Min kjære sambuar og intervju-spesialist Kari skriv stundom ned samtalane våre her heime. Resultatet er Dialogbua, der vi alt har lagt ut ei rekkje samtalar:


Frå kamuflert moralisme til oppriktig undring

Lagt ut: 18. september 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Artikkel publisert i Flux impuls 6/2010

– Korleis hadde du syntest det var om dei sparka og slo deg? spurde læraren elleveåringen, som tidlegare på dagen hadde organisert eit regelrett overfall mot ein medelev.

– Det veit vel ikkje eg, det har aldri skjedd med meg, laud svaret.

«Mangelfullt utvikla empatiske evner»? Eller kanskje «psykopatiske trekk»? Eller rett og slett eit ærleg svar?

Lite tyder i alle fall på at oppriktig undring ligg bak spørsmålet. Sannsynlegvis er motivet snarare å få eleven til å kjenna skuld og anger for det han har gjort – og slik hindra at episoden skal gjenta seg. Men læraren seier ikkje dette. Hensikta vert gøymd bak eit retorisk spørsmål.

Les resten av innlegget »


Utopisme eller realisme? Både–og, med meir

Lagt ut: 24. august 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Kristin Halvorsen burde prøva seg som lærarvikar ein dag før ho snakkar meir om skulen, skreiv Fredrik Drevon i Aftenposten sundag.

Eg har sjølv gjort meg skuldig i luftige tankar om skulen her på bloggen, utan særleg meir grunnlag enn andre som har vakse opp i Noreg og overlevd utdanningsplikta. Mine eigne røynsler frå skuleåra er kanskje meir relevante enn dei Kristin Halvorsen måtte ha, sidan dei ligg langt nærare i tid, men eg er samd i hovudpoenget til Drevon: den som uttalar seg om skulen, bør i det minste vera viljug til å kjenna på kroppen kva det handlar om. For den som har makt over skulen, til dømes som utdanningsminister, bør det vera ei forbanna plikt.

Les resten av innlegget »