Ei av dei fyrste oppgåvene vi fekk i pedagogikk på lærarutdanninga, var å tenkja tilbake på gode minne frå dei fyrste skuleåra. Eg sleit. Ikkje lett å koma på noko. Det meste er borte frå hugen, men eg hugsar noko av den knuste sjølvtilliten, mobbinga og sinnet mot dei vaksne.
Eg var ein glad og gløgg gut hausten 1996, då eg byrja i klasse 1 C på Kleppe skule. Lesa og skriva hadde eg lært meg god tid i førvegen, ikkje minst takk vere morfar min. Mine beste undervisningsminne er frå tida før eg vart skulegamal, på fanget til morfar. Vi teikna bilar og sjiraffar, las bøkene om Emil i Lønneberget, vi spela «Norge rundt» og kappast om å hugsa kor høge dei ymse fjella i Jotunheimen var.
Venene mine i grannelaget var jamt eitt år eldre, og foreldra mine søkte om framskunda skulestart. Avslag. Men eg gledde meg stort til å byrja på skulen til vanleg tid, oppglødd av vener som treivst godt på trinnet over.
I USA tek avisa LA Times skulestatistikk til nye høgder, og kvalitetsvurderer tusenvis av namngjevne lærarar. Det viktigaste funnet ser ut til å vera at lærarar som lukkast i å betra testresultata til ei klasse, har ein tendens til å gjera det same med neste klasse dei får. Eller som Espen Andersen skriv på den lesverdige bloggen sin: Lærerkvalitet viktigere enn alt annet.
Alle er samde om at eit tiltak som tilpassa opplæring er ein god idé, men det skortar på den praktiske gjennomføringa. Når røyster frå høgre ymtar om at kanskje lærarane kunne gjort ein betre jobb, er representantar for skulefolket snare med å slå klubba i bordet. Lærarane gjer så godt dei kan, dei, men dei manglar tid og ressursar.
Fenomenet er velkjent i oljestaten Noreg. Aldri før har vi hatt meir av alt, aldri har vi bruka meir av alt, og aldri har vi mangla meir. Løysinga på dei fleste problem i samfunnet er at staten må ta ansvar og løyva meir pengar.
Kan det tenkjast at denne uendelege tid- og ressursmangelen har andre årsaker enn pengemangel?
Meir pengar får skuleverket kvart einaste år, ikkje minst for at lærarar og andre tilsette skal få lønsveksten som fagforeiningane deira har forhandla fram. Dei ti siste åra har lærarane hatt ei lønsvekst på over 50 prosent, medan prisane på forbruksvarer berre gjekk opp med 23 prosent. Tenk om fagforeiningane ved årtusenskiftet hadde sagt: «Vi treng fleire lærarstillingar for å gjera ein forsvarleg jobb. Difor avstår vi frå lønsvekst utover prisveksten i det nye årtusenet. For medlemene våre er ein god arbeidsplass viktigare enn å stadig auka det private forbruket». Då kunne vi i teorien hatt 27 prosent fleire lærarar i dag!
Ei innvending er at utan lønsvekst i takt med andre yrkesgrupper, ville færre ha lyst til å jobba som lærar. Alle dei nye stillingane ville verta ståande tome, eller fylde opp av lågt kvalifiserte folk. Men kva er det som gjer at læraryrket slit med rekrutteringa – låg løn, eller ei oppfatning om eit yrke med uendeleg skort på ressursar til å gjera ein skikkeleg jobb?
Eg vil tru båe desse faktorane spelar inn, saman med ei lang rekkje andre. Det skulle vera eit argument for at mindre reallønsvekst i det minste burde diskuterast som eit alternativ.
Fleire lærarar per elev kan vi dessutan få utan å tilsetja ein einaste ny lærar. Vi kan heilt enkelt gjera skulen kortare. Den enklaste måten ville vera å gå tilbake til den ni-årige grunnskulen, og slik frigjera lærarkrefter tilsvarande eit heilt trinn på kvar skule. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at betre oppfylging av kvar elev kan gjera opp for det «tapte» året, og vel så det – Finland har til dømes ni år.
Ein annan måte er å gjera skuledagen kortare. Tenkjer vi oss at elevane på ein skule går seks timar om dagen i dag, kan lærartettleiken doblast ved å kutta skuledagen til tre timar. Den eine halvparten av elevane er på skulen dei fyrste tre timane, den andre halvparten dei neste tre; lærarane går på jobb som før, men underviser to og to i lag.
Eitt år kortare skulegang er kanskje for lite til å få den effekten eg ser føre meg, halvering av skuledagen er kanskje i meste laget, i alle fall til å byrja med. Poenget her, som med lønsveksten ovanfor, er berre å peika på eit særs reelt alternativ som sjeldan vert nemnt i debatten.
Eg har sjølv gjort meg skuldig i luftige tankar om skulen her på bloggen, utan særleg meir grunnlag enn andre som har vakse opp i Noreg og overlevd utdanningsplikta. Mine eigne røynsler frå skuleåra er kanskje meir relevante enn dei Kristin Halvorsen måtte ha, sidan dei ligg langt nærare i tid, men eg er samd i hovudpoenget til Drevon: den som uttalar seg om skulen, bør i det minste vera viljug til å kjenna på kroppen kva det handlar om. For den som har makt over skulen, til dømes som utdanningsminister, bør det vera ei forbanna plikt.
Den norske skulen reproduserer og forsterkar sosiale skilnader. Politikarane føreslår ein haug med tiltak for å bøta på dette. Målet er ein skule der heimemiljøet til eleven har minst mogleg å seia for resultata – det vil seia karakterane som opnar eller stengjer dører i det vidare utdanningsløpet.
Det er opplagt at heildagsskule med leksehjelp kan bøta noko på dette. Gje eit barn mindre kontakt med heimemiljøet, og heimemiljøet får mindre å seia. Skulle vi verkeleg ta mål av oss å jamna ut elevmassen, må obligatorisk internatskule for alle vera tingen. Heldigvis innser dei fleste at det finst grenser for kor mykje vi kan halda born på skulen.
Det politikarar og skulefolk har ein tendens til å oversjå, er at folk med lite formell utdanning fyller heilt sentrale funksjonar i samfunnet.
Etter to dagar som lærarstudent er det nok i tidlegaste laget å seia noko om kvaliteten på utdanninga. Men eg undrar meg over måten studiet er lagt opp på. Fire år med stort sett fire dagar à 3 timar undervisning i veka. Hundre – 100 – dagar rettleidd praksis i felten totalt gjennom heile studiet. Sett på spissen: skal vi verta lærarar, eller snarare høgskulestudentar i lærarfag?
Tenk deg at det var motsett – at kjernen i utdanninga var praksis med rettleiing, med teorien meir som ein kommentar. Tenk deg at lærarutdanninga sjølv driv ein ekte skule med ekte elevar, i tillegg til lærarar og studentar. Gjennomkompetente lærarar underviser elevane. Studentane er hovudsakleg assistentar for lærarane. Skulen har så mange lærarar per elev at er rikeleg med tid for lærarar og studentar til å gå gjennom, drøfta og utvikla undervisningsopplegget, i tillegg til å gjennomføra sjølve undervisninga.
Mennesket har ei ufatteleg evne til å læra seg å gjera ting, men dei færraste er i nærleiken av å utnytta det heile og fulle potensialet sitt. Ikkje alle kan hugsa som Lu Chao, men frisørar og blondiner kan fint resitera 1000 desimalar av pi feilfritt utanboks; ikkje alle kan læra seg like mange språk som Rolf Theil, men eit menneske som er i stand til å meistra eitt språk flytande, kan i prinsippet læra seg minst to–tre andre like godt.
Då eg gjekk på skulen, vart god læring som oftast knytt til disiplin og moral: Øve, øve, jevnt og trutt og tappert, det er tingen … Svake elevar må «ta seg saman». Men øving må stå i stil til det ein vil oppnå. Du bed ikkje ein mann leggja meir tid og innsats ned i å slå inn ein spikar med eit skrujern, når det ligg ein hamar i verktøykassa. Som menneske har vi ein hjerne som framleis er best tilpassa livet som jegarar og sankarar i små grupper. Heldigvis er hjernen fleksibel og formbar, sjølv for vaksne menneske, men det er ikkje til å undrast over at vi kan ha bruk for eitt og anna triks for å takla den moderne kvardagen.