Sumarkonsert i Egersund

Lagt ut: 29. juli 2011 | Stikkord: | Ingen kommentarar »

PTBA


Dialogbua

Lagt ut: 26. juni 2011 | Stikkord: , , , , | Ingen kommentarar »

Min kjære sambuar og intervju-spesialist Kari skriv stundom ned samtalane våre her heime. Resultatet er Dialogbua, der vi alt har lagt ut ei rekkje samtalar:


Påsketonar frå Skien

Lagt ut: | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Jan Pieterszoon Sweelinck (1562-1621) har nok hatt meir å seia for utviklinga av vestleg musikk enn folk flest er klare over – så godt som alle (klassiske) musikarar i dag vil kunna spora lærar-stamtavla si tilbake til den gamle Amsterdammaren. Av dei mest kjende verka hans er dei nydelege variasjonane over Mein junges Leben hat ein End. Her er min versjon, frå Skien kyrkje langfredag:

Fleire videoklypp frå Skien i påska:

Les resten av innlegget »


Frå kamuflert moralisme til oppriktig undring

Lagt ut: 18. september 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Artikkel publisert i Flux impuls 6/2010

– Korleis hadde du syntest det var om dei sparka og slo deg? spurde læraren elleveåringen, som tidlegare på dagen hadde organisert eit regelrett overfall mot ein medelev.

– Det veit vel ikkje eg, det har aldri skjedd med meg, laud svaret.

«Mangelfullt utvikla empatiske evner»? Eller kanskje «psykopatiske trekk»? Eller rett og slett eit ærleg svar?

Lite tyder i alle fall på at oppriktig undring ligg bak spørsmålet. Sannsynlegvis er motivet snarare å få eleven til å kjenna skuld og anger for det han har gjort – og slik hindra at episoden skal gjenta seg. Men læraren seier ikkje dette. Hensikta vert gøymd bak eit retorisk spørsmål.

Les resten av innlegget »


Utdanning og fredsbygging

Lagt ut: 9. september 2010 | Stikkord: | Ingen kommentarar »

For professor Johan Galtung er vald og undertrykking noko som bør motarbeidast på same måte som sjukdom. Her har eg redigert og omsett til norsk ein tale han heldt for japanske utdanningsforskarar i Hiroshima.1 Galtung tek til orde for å gjera kunnskap om konflikthandtering like sjølvsagt som handvask og fyrstehjelp, og middelet er fredsutdanning.

Foto: Alexander Harang

Foto: Alexander Harang

Når eg frå mitt intellektuelle helikopter ser ned på landet Fred, ser eg tre regionar: Fortid, Notid og Framtid. Eg ser òg eit naboland med namnet Helse. I båe landa forskar dei på å unngå liding – mest på det individuelle planet i Helse, mest på det kollektive planet i Fred. I Helse er lidinga kjend som «sjukdom», i Fred som «vald».

Og dei forskar på å oppnå glede, lukke, individuell og kollektiv sjølvrealisering, det høgste gode, summum bonum. To ord for dette er nettopp Fred og Helse.

Dette høyrest viktig ut. Men får vanlege folk læra dette? Finst det utdanning for fred og helse?

Les resten av innlegget »

  1. Den engelskspråklege originalen kan lesast hjå Transcend Media Service. Lisens: Creative Commons Attribution-Noncommercial 3.0 United States []

Goethiansk genforsking og andre læringsprosessar

Lagt ut: 8. september 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Dagens pedagogikkførelesing vart avslutta med at vi såg eit føredrag med Ken Robinson. Lovande! Seinare var eg på dialogmøte i Oslo-avdelinga av The Scientific and Medical Network.

Utgangspunkt for dialogen var boka Det levende universet av Duane Elgin, ei lita bok med stor spennvidd. Her vil eg kort ta opp to emne vi kom inn på i løpet av kvelden.

Johann Wolfgang von Goethe er best hugsa som diktar, men var i samtida ein framståande vitskapsmann. Han utvikla sin eigen «goethianske» vitskaplege metode som han la til grunn for arbeidet sitt med alt frå fargar til skyformasjonar og plantar. Henri Bortoft skriv om denne:

Målet er forståing i staden for forklaring, deltaking i staden for manipulasjon og kontroll. Men goethiansk vitskap bør sjåast som eit komplement til den vanlege vitskapen heller enn som ein motsetnad, og slik ha potensial til å vega opp ubalansen i kjølvatnet av den einsidige tilnærminga som dominerer vitskapen i dag.

Les resten av innlegget »


Å dra seg sjølv opp etter håret

Lagt ut: 7. september 2010 | Stikkord: | 4 kommentarar »

Vel tre veker ut i lærarstudiet har eg fått eit visst inntrykk av dei faglege krava og forventingane. For meg som har eit lesetempo og ein logisk-matematisk («tradisjonell») intelligens eit stykke over gjennomsnittet, er dei ikkje særleg avskrekkande.

Eg skal nøya meg med eitt døme: på opningsdagen sa studieleiar at vi som studentar på fulltid måtte rekna med å lesa 20 sider pensum om dagen fram mot ein bachelor-grad. Det tek meg som regel i underkant av éin time (inkludert notering).

Fint, kan eg tenkja, då får eg god tid til alle dei andre syslene mine, til dømes denne bloggen. Men det er heller ikkje særleg utfordrande. Altså må eg jobba særs medvite med eigen motivasjon, laga mine eigne utfordringar der studiet ikkje strekk til, om eg skal yta noko i nærleiken av det eg er god for som lærarstudent. I mellomtida går eg på obligatoriske, tre timar lange førelesingar, der eitt av dei sikraste innslaga er at førelesaren uttrykkjer medkjensle for at vi studenter vert overlessa med kunnskap og leselekser.

Les resten av innlegget »


Kahn kan kunnskap

Lagt ut: 1. september 2010 | Stikkord: , | 1 kommentar »

Mange lærarar og lærarstudentar innser at tilpassa opplæring trengst, like mykje for fagleg sterke som for fagleg svake elevar. – Men korleis kan eg greia å fylgja opp alle 28 elevane i klassa?

Fyrste steg når det gjeld dei «flinke» elevane er å innsjå at dei ikkje plent treng gjennomtenkte oppgåver frå læraren for å greia seg. Viktigare: ei oppgåve som er «gjennomtenkt» for elevar på eit lågare nivå, kan vera beint fram skadeleg. Det er langt betre å la ein leseglad seksåring i fred med eit Donald-blad, enn å tvinga henne til å forma bokstavar i plastilina saman med dei andre som enno held på å læra alfabetet.

Neste steg er å overskrida dei vanlege råmene i skulen. Dei er nett det, vane-lege, eit resultat av vaner, ikkje naturlovar. Ein andreklassing som meistra alle rekneartane før han byrja på skulen, kan kanskje få passelege matematiske utfordringar i ei femteklasse. Det kan vera ein dårleg ide å ta han ut av den vanlege klassa, eller det kan vera ein genistrek. Ingen veit før det er testa. Ein elev på mellomtrinnet med brennande interesse for til dømes historie, kan få fri nokre timar i veka for å gå på førelesing på næraste høgskule eller universitet.

Desse potensielt særs effektive tiltaka for auka læring, livsglede og trivsel kostar ikkje skulen ei krone. Grunnen til at dei ikkje er så vanlege som dei kunne ha vore, er mangel på kreativitet og fleksibilitet, snarare enn strame budsjett.

Les resten av innlegget »