Utopisme eller realisme? Både–og, med meir
Lagt ut: 24. august 2010 | Stikkord: dialog, læring | Ingen kommentarar »Kristin Halvorsen burde prøva seg som lærarvikar ein dag før ho snakkar meir om skulen, skreiv Fredrik Drevon i Aftenposten sundag.
Eg har sjølv gjort meg skuldig i luftige tankar om skulen her på bloggen, utan særleg meir grunnlag enn andre som har vakse opp i Noreg og overlevd utdanningsplikta. Mine eigne røynsler frå skuleåra er kanskje meir relevante enn dei Kristin Halvorsen måtte ha, sidan dei ligg langt nærare i tid, men eg er samd i hovudpoenget til Drevon: den som uttalar seg om skulen, bør i det minste vera viljug til å kjenna på kroppen kva det handlar om. For den som har makt over skulen, til dømes som utdanningsminister, bør det vera ei forbanna plikt.

Johan Galtung på det utopiske hjørnet av «ryddematta». Foto: Harald Sigurdson
Men same kven som ytrar seg og kva grunnlag dei har, har debattar ein tendens til å skapa skytargravskrigar. Dei ulike sidene skuldar kvarandre for å ha eit forvrengt syn på verda, og slåst så granatane fyk om korleis ting heller burde vera. Heldigvis finst det andre framgangsmåtar. Inspirert av Transcend-metoden for fredeleg konfliktløysing1 , kan vi sjå føre oss fire innfallsvinklar til ein grøderik dialog:
- Det potensielt positive
- Det reelt negative
- Det reelt positive
- Det potensielt negative
Einsidig fokus på det fyrste er utopisme. Einsidig fokus på det andre er realisme, og like ille. Einsidig fokus på det tredje kan vera oppmuntrande; på det fjerde snarare handlingslammande. Men sett i samanheng kan dei fire perspektiva openberra ei verd som elles hadde vore gøymd for oss.
For meg som fersk lærarstudent har det vore godt å få byrja med å uttrykka tankar om kor bra ting kunne ha vore. Alle slags faktiske problem med studiet, skulen og den offentlege debatten vil eg tidsnok måtta ta tak i. Vonleg kan eg i stor grad gjera det ved å framheva faktiske framgangar, lure ordningar og skikkelege skulefolk her i bloggen. Med tida vil det garantert føra til at eg justerer mine eigne utopiar. Og så vidare – i fyrste omgang gjennom fire år på lærarutdanninga.








Leave a Reply