Sosial utjamning = lynavleiing
Lagt ut: 20. august 2010 | Stikkord: læring, politikk | 3 kommentarar »
Den norske skulen reproduserer og forsterkar sosiale skilnader. Politikarane føreslår ein haug med tiltak for å bøta på dette. Målet er ein skule der heimemiljøet til eleven har minst mogleg å seia for resultata – det vil seia karakterane som opnar eller stengjer dører i det vidare utdanningsløpet.
Det er opplagt at heildagsskule med leksehjelp kan bøta noko på dette. Gje eit barn mindre kontakt med heimemiljøet, og heimemiljøet får mindre å seia. Skulle vi verkeleg ta mål av oss å jamna ut elevmassen, må obligatorisk internatskule for alle vera tingen. Heldigvis innser dei fleste at det finst grenser for kor mykje vi kan halda born på skulen.
Det politikarar og skulefolk har ein tendens til å oversjå, er at folk med lite formell utdanning fyller heilt sentrale funksjonar i samfunnet. Som ufaglærd arbeidskraft jobbar dei med reinhald, køyrer drosje, sit i kassa på RIMI og vaskar hotellrom. Dette er oppgåver nokon må gjera, uansett kor utjamnande skulen er.
Om vi hadde ein skule der ingen fall frå, der alle gjennomførde vidaregåande skule og helst høgare utdanning, ville vi få ein situasjon der endå fleire enn i dag ville vera formelt overkvalifiserte for jobben sin. Alternativet ville vera at oljestaten Noreg greip inn og oppretta nok jobbar med utdanningskrav i offentleg sektor, og heller lét framandarbeidarar ta seg av dei såkalla dritjobbane. Eit botnlaust ressurs-sluk vert uansett resultatet.
Det er ikkje skulen som skapar klassesamfunnet. Men skulen spelar ei hovudrolle i å avgjera kven som skal få jobbar med høg status, og kven som må ta til takke med lågstatusjobbar og offentlege ytingar. Ein skule der den sosiale bakgrunnen til elevane ikkje har noko å seia, vil berre sortera elevane på andre måtar. Men er det verkeleg betre at arvematerialet (medfødde evner og talent) avgjer sosial status? Om berre alle får «like sjansar», er det då greitt at taparane må gjera jobbane vi alle er avhengige av at vert gjort, men som dei færraste vil ha?
Utopien om ein sosialt utjamnande skule fungerer som ein lynavleiar for det verkelege problemet: at ei rekkje nyttige jobbar i samfunnet ikkje har den statusen og respekten dei fortener.








Hei, Jarle! Eg har tenkt på akkurat det same som du skriv om her, og er heilt einig med det du skriv. Har for øvrig lest dei førre blogginnlegga, og vil òg følgja med vidare!
Der traff du hodet på spikeren
Eit anna framtidsscenario, kanskje det mest sannsynlege: vi får utdanningar for alt mogleg på høgskulenivå. Frå bachelor i støvtørking til masterutdanning i kundebehandling …