Eit skuleverk på sidelina?
Lagt ut: 16. august 2010 | Stikkord: læring, politikk | 1 kommentar »Skal vi tru den offentlege debatten, er den største utfordringa for den norske skulen middelmåtige PISA-resultat, manglande disiplin, for dårlege lærarar og (naturlegvis) for lite pengar. Alt dette bleiknar likevel om vi samanliknar måten skulen er organisert på med samfunnet rundt.
Skuleverket fungerer framleis som ein sentralstyrt, industriell planøkonomi – ein organisasjonsmodell som vi med god grunn har gått bort frå i resten av samfunnet. Ny teknologi har opna for personleg tilpassing i ein grad som var utenkjeleg i industrisamfunnet på 1900-talet. Ansvarsfråskrivinga og mangelen på glød og entusiasme i skulen kan sjåast som eit teikn på at eit faststivna skuleverk er i ferd med å verta irrelevant for samfunnet.
Industrialiseringa av skuleverket
Den norske skulen fyller 150 år i år! Det var faktisk fyrst i 1860 at vi fekk Lov om almueskolevæsenet paa landet, den såkalla fastskulelova. Før dette hadde dei fleste norske born berre nokre veker med omgangsskule kvart år. Før 1739 fanst det ikkje noko eige skulevesen i Noreg i det heile.
Det var på ingen måte tilfeldig at den store endringa kom i 1860. Dei fyrste dampdrivne tekstilfabrikkane her i landet kom ti år før. Jarnbanen frå Oslo til Eidsvoll opna i 1854. Den industrielle revolusjonen tok til å rulla, og skulen fylgde med på lasset. Skulen fekk eigne bygningar, over 5.000 på 40 år.1 Berre frå 1853 til 1866 auka talet på lærarar i bygde-Noreg frå 2.400 til 3.100. I same tidsrom gjekk prosentdelen av lærarar med lærareksamen opp frå 30 til 68.2
Den gamle omgangsskulen var ein konsekvens av jordbrukssamfunnet. Undervisninga føregjekk på gardane der folk budde, og lærekreftene var lokale. Som nemnt var det berre eit mindretal av lærarane som hadde utdanning (seminar). Folk var i stor grad sjølvforsynte med utdanning, på same måte som med mat og husly.
Fastskulelova markerte byrjinga på ei «industrialisering» av skulevesenet. Opplæringa vart gradvis meir regulert og sentralstyrt. I 1890 kom Kyrkje- og undervisningsdepartementet med eit utkast til læreplan for bygdeskulane. Tanken skal ha vore at planen skulle tilpassast lokalt, men i staden vart han tolka bokstaveleg til ut på 20-talet. Med innføringa av einskapsskulen i 1936 og dei nye nasjonale læreplanane tre år seinare, vart den statlege styringa av skulepensum sementert.3
Planøkonomi i praksis
Den norske einskapsskulen fungerer som ein sentralstyrt planøkonomi: Politikarar og byråkratar kjem fram til kva som skal produserast (kunnskapsproduksjon). Det offentlege løner folk for å gjennomføra planane (lærarar), og prøver å kontrollera at dei faktisk gjer dette. Kva som vert produsert er ei sak for heile samfunnet, og skal avgjerast demokratisk av alle i fellesskap (i teorien). Ein lærar har i prinsippet ikkje meir ho skal ha sagt om læreplanen enn kven som helst annan samfunnsborgar.
Slike system fører sjeldan til særleg entusiasme, med mindre ordninga har stor støtte som ein del av eit større prosjekt (t.d. nasjonsbygging eller opprusting til krig mot gamlefienden). I Noreg ser oljeinntektene ut til å ta knekken på alle visjonar utover «meir til alt». Altså vi får ein skule med bortimot total ansvarsfråskriving, der alle klagar på alle: elevar, foreldre, lærarar, skuleleiarar, politikarar. Det kan verka som alle klagane til slutt hamnar på kontoret til utdanningsministeren. Plutseleg ein dag oppdagar ministeren at ho ikkje kjem seg ut på grunn av alt papiret, og voilà – ein ny reform vert annonsert, med nye produksjonsplanar, orsak: læreplanar, og så er vi i gang att.
Som i austblokklanda under kommunisttida er resultatet at alle prøver å sleppa billegast mogleg unna. Elevane vert meir opptekne av å krevja rettane sine enn av å læra. Lærarane vert meir opptekne av å krevja høgare løn enn av å undervisa.4 Det personlege ansvaret som kjenneteiknar sunne økonomiar er bortimot forvitra. Den faktiske skaparkrafta forvitrar, men som gamle Sovjet har Noreg så enorme naturressursar at det knapt merkjest – enno.5
Eit anna problem med sentralstyrte planøkonomiar er at dei har ein tendens til å kollapsa i møte med endra samfunnstilhøve. Næringsliv og daglegliv er med aukande fart på veg bort frå industrialderen. Nettavisene dankar ut papirutgåvene. Handfaste bøker vil truleg vera eit samlarobjekt på line med vinylplater om få år. Mindre kjent er den rivande utviklinga av 3D-skrivarar, som gjer oss i stand til å skriva ut ting frå nettet på lik line med tekst. Alt dette peikar i retning personleg tilpassing av informasjon og tenester, basert på småskala høgteknologi.6
Eit døme på skilnaden i omstillingsevne mellom samfunn og skuleverk: Medan skulebyråkratane framleis finn det for godt å passa på at vi som lærarstudentar skal læra oss bruk av noko som heiter «digitale verktøy»7, har talet på norske brukarar av Facebook vakse frå kring 3.0008 til over 2,3 millionar9 på tre og eit halvt år – utan så mykje som eitt einaste vedtak.
Det kan ikkje ha vore så vanskeleg for tidlegare generasjonar unge å skjøna og godta at alle skulle gå gjennom det same pensumet, til same tid og på same måte. Dei sat jo kvar kveld føre fjernsynet og såg på den same (eine) kanalen, til same tid og på same måte som alle andre. Dei som er unge i dag er vande med eit heilt anna omfang av personleg tilpassing. Lærarar med skuleboka på kateteret konkurrerer med elevar som har mobilt internett under pulten. Og det er meir spanande å søkja i skattelistene enn å fylgja med på ein gjennomsnittleg skuletime.10
Vegen framover
Utan grunnleggjande endringar i måten vi organiserer opplæringa på, risikerer (einskaps-)skulen å hamna fullstendig på sidelina. Utviklinga med meir privatskular og heimeundervisning for dei ressurssterke vil skyta fart. Framhald fylgjer …
- http://www.museumsnytt.no/articles/view/5177 [↩]
- http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/NOUer/1995/NOU-1995-18/51/6/3.html?id=337556 [↩]
- Gundem, Bjørg B. (1993) Rise, development and changing conceptions of curriculum administration and curriculum guidelines in Norway. Journal of Curicculum Studies. 25(3):251–266. [↩]
- Siste nytt frå den gamle barneskulen min er at elevane nesten aldri har prøver, og at dei dei har ikkje vert retta – for lærarane skal ikkje lenger sitja heime og jobba med slikt på fritida. [↩]
- Simen Sætre analyserer dette fenomenet elegant i boka Petromania. [↩]
- Dag Andersen utviklar i boka Det 5. trinn (Flux 2003) eit uhyre spanande framtidsscenario med utgangspunkt i mellom anna dette. [↩]
- I rammeplanen for grunnskulelærarutdanninga 1.–7. trinn er dette presisert tjue gonger! [↩]
- http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=196398 [↩]
- http://www.synlighet.no/facebook/statistikk-antall-brukere/ [↩]
- Personleg erfaring, både som elev og lærarvikar. [↩]








Vakkert innlegg, og god observasjon, jeg har selv jobbet som lærer i 3 år, men har sluttet for å jobbe i det private næringsliv. Mye av årsaken til til at jeg ga meg med lærergjerningen var frustrasjon over et system som ikke fungerer og meningsløse lærerplaner.
Mener selv at det er noe grunnleggende feil med hvordan skolen og undervisningen blir organisert.
Stå på ! håper på positiv endring, men har resignert selv