Medisin for lærarutdanninga?
Lagt ut: 19. august 2010 | Stikkord: helse, læring | 4 kommentarar »
Etter to dagar som lærarstudent er det nok i tidlegaste laget å seia noko om kvaliteten på utdanninga. Men eg undrar meg over måten studiet er lagt opp på. Fire år med stort sett fire dagar à 3 timar undervisning i veka. Hundre – 100 – dagar rettleidd praksis i felten totalt gjennom heile studiet. Sett på spissen: skal vi verta lærarar, eller snarare høgskulestudentar i lærarfag?
Tenk deg at det var motsett – at kjernen i utdanninga var praksis med rettleiing, med teorien meir som ein kommentar. Tenk deg at lærarutdanninga sjølv driv ein ekte skule med ekte elevar, i tillegg til lærarar og studentar. Gjennomkompetente lærarar underviser elevane. Studentane er hovudsakleg assistentar for lærarane. Skulen har så mange lærarar per elev at er rikeleg med tid for lærarar og studentar til å gå gjennom, drøfta og utvikla undervisningsopplegget, i tillegg til å gjennomføra sjølve undervisninga.
Tradisjonelle kurs og seminar for studentane er ikkje borte, men fungerer som ein arena for refleksjon og utvikling på grunnlag av praksis. Forsking har ein meir sentral plass i utdanninga. Studentane får fyrstehands kjennskap til korleis nye pedagogiske idear kan setjast ut i live og vurderast.
Dette skulle vera kjende tankar for dei som kjenner til medisinstudiet. «Lærarutdannings-skulen» vert som eit universitetssjukehus der praksis, utdanning og utvikling går hand i hand. Men det ville i beste fall gå mange hundre vanlege skular på kvar lærarskule, på same måte som legekontora er fleire enn universitetssjukehusa. Helsepersonell får med god grunn eitt års obligatorisk realitetssjekk i form av turnusteneste etter at studiet er avslutta. Kva med noko tilsvarande for nyutdanna lærarar, gjerne med oppfylging frå lærarutdanninga og – ikkje minst! – eksamen etter fullførd praksis?
Kva slags elevar skal gå på ein slik skule? Dei mest «vanskelege», liksom sjukehusa tek seg av det fastlegane ikkje greier åleine? Eit representativt utval elevar frå byen? Tankeeksperimentet gjev oss fleire spørsmål enn svar. Eg trur ikkje det er dumt.








Ein anna tankekross: Medan alle er samde om at studentane får for lite praksis, er lærarmangelen i skulane prekær …
Du fikk kanskje med deg Flux Impuls om læring, men her er reprisen. Inge Eidsvåg, Ann Kerwin og 12 ting du ikke lærte på skolen.
Hadde kanskje vært flott om en fikk litt utdanning i fagene en skal undervise i også? Ikke bare pedagogikk og «lære å være lærer»…
Turnustjeneste hadde vært vel og bra det. Er selv lektor og syntes at vi fint kunne hatt litt mer praksis i skoleverket i stedet for bare teoretisk pedagogikk som sier lite eller ingenting om hva lærergjerningen går ut på, men på ingen måte skulle den erstattet min masterutdanning i fagene jeg skal undervise i.
Godt poeng. Eg tek nok den faglege kunnskapen for gjeven. I grunnen tykkjer eg det er underleg at samfunnet lèt 20-åringar som meg byrja på lærarutdanninga utan andre kvalifikasjonar enn vidaregåande skule. Avlagt bachelorgrad (eller tilsvarande tid i full jobb, realkompetanse så vel som mange universitetsutdanningar eg kjenner til) kunne godt vore minste opptakskrav til den lærarskulen eg fantaserer om.
På ungdomstrinnet og vidaregåande burde det vera rimeleg å venta minst mastergrad i undervisningsfaga. Vel å merkja ein mastergrad som faktisk tyder noko, ikkje berre utdanningstekniske endringar med gamal vin i nye sekker.