– Kreativitet er like viktig som lesing og skriving
Lagt ut: 27. august 2010 | Stikkord: kreativitet, læring | Ingen kommentarar »Sir Ken Robinson meiner dagens skulesystem tek livet av kreativiteten. Trykk på «view subtitles» for å få føredraget teksta på norsk.
Samandrag
Vi har alle stor interesse for utdanning, dels fordi det er utdanning som skal ta oss inn i ei ukjent framtid. Dei som byrjar på skulen i år, skal pensjonera seg i 2065. Men ingen anar korleis verda vil sjå ut om berre fem år!
Born er usedvanleg flinke til å finna på nye ting. Dei har kollosale talent, som vi ganske omsynslaust tek knekken på. Eg vil påstå at kreativitet no er like viktig for utdanning som lesing og skriving.
Eg høyrde om ei lita jente i ei teikneklasse. Ho var seks år og sat lengst bak i klasserommet. Læraren fortalde ho nesten aldri fylgde med, men i denne timen gjorde ho det. Læraren var fascinert, gjekk bort til henne og spurde kva det var ho teikna. Jenta svara: «Eg teiknar eit bilete av Gud.» «Men ingen veit korleis Gud ser ut, sa læraren.» «Vel, snart gjer dei det, svara jenta.»
Born er ikkje redde for å ta feil. Å ta feil er ikkje det same som å vera kreativ, men om du ikkje er budd på å ta feil, vil du aldri finna på noko originalt. Innan dei vert vaksne, har born flest mista denne evna. Dei har vorte redde for å ta feil. Vj stigmatiserer feil, i næringslivet og utdanningssystemet. Å ta feil er det verste du kan gjera. Resultatet er at vi utdannar folk bort frå dei kreative anlegga sine. Picasso sa at alle born er fødde kunstnarar – problemet er å halda fram å vera det i oppveksten. Kreativitet er ikkje noko vi tileignar oss, det er noko vi veks frå – eller snarare vert utdanna bort frå.
Eg kjem frå byen der far til Shakespeare kom frå. Det er ikkje vanleg å tenkja seg at Shakespeare hadde ein far, fordi vi ikkje tenkjer oss at han var eit barn ein gong. Tenk dykk Shakespeare som sjuåring. Han må vel ha fått engelskundervisning? Kor irriterande må ikkje det ha vore? «Gå til sengs no, William, og legg frå deg pennen. Og slutt å snakka på den måten, det forvirrar berre folk.»
Utdanningssystem over heile verda har det same hierarkiet av fag. Overalt er matematikk og språkfag på topp, så humaniora, og kunstfaga nedst. Som oftast er det òg eit hierarki innan kunstfaga. Biletkunst og musikk har høgre status enn drama og dans. Det finst ikkje eit utdanningssystem på heile kloten som lærer born å dansa på same måten som vi lærer dei matte. Kvifor ikkje? Matte er viktig, men det er dans òg. Born dansar heile tida om dei får lov, vi gjer det alle.
Om du kom som eit romvesen utanfrå og spurde kva utdanning eigentleg er godt for, ville du måtta konkludera med at heile vitsen er å utdanna universitetsprofessorar. Det er dei som er vinnarane i systemet. Men dei er ikkje anna enn ein underleg livsform. Dei fleste av dei lever i hovudet. Kroppen er for dei eit slags transportmiddel for hovudet.
Det er ein grunn til at utdanningssystemet er bygt på tanken om akademiske evner. Offentlege utdanningssystem eksisterte knappast før det 19. hundreåret. Dei vart alle funne opp for å møta behova ved industrialiseringa. Dei mest nyttige faga for arbeid har høg prioritet. «Ikkje ta musikk, du vert aldri musikar». Velmeinte råd – no fullstendig på jordet. Heile utdanningssystemet er ei uthala opptaksprøve til universitetet. Konsekvensen er at mange særs talentfulle, fantastiske, kreative menneske går rundt og trur at dei ikkje er det, fordi skulen ikkje sette pris på, eller jamvel stigmatiserte det dei var flinke til. Vi har ikkje råd til å halda fram slik.
Vi veit tre ting om intelligens. For det fyrste er han mangfaldig. Vi kan tenkja på verda på alle dei måtane vi opplever henne – i bilete, lyd, rørsler og abstrakt. For det andre er han dynamisk. Hjernen er ikkje delt inn i avdelingar. Kreativitet – som eg definerer som prosessen å ha verdfulle, originale idear – kjem oftast som fylgje av samspelet mellom ulike synsvinklar på ting.
For det tredje er intelligens unik. Eg skriv på ei bok1 om korleis folk har oppdaga evnene sine. Bakgrunnen var ein samtale med Gillian Lynne, koreografen bak Cats og Phantom of the Opera. Ho vart dansar som fylgje av at jo gjorde det dårleg på skulen i 30-åra. Ho kunne ikkje konsentrera seg – i dag hadde ho fått ADHD. Men ADHD var ikkje oppfunne på 30-talet. Ho gjekk saman med mora til ein spesialist. Etter 20 minutt samtale om alle problema fortalde han at han måtte ha nokre ord med mora på tomannshand. I det dei gjekk ut, skrudde han på radioen. Når dei kom ut av rommet, sa han til mora: «Stå her og sjå kva ho gjer.» Snart var ho i gang med å røra seg til musikken. Etter nokre minutt sa spesialisten: «Gillian er ikkje sjuk, ho er ein dansar. Få henne til ein danseskule.»
No har ho bak seg ein solokarriere i den kongelege balletten, vore ansvarleg for nokre av dei mest vellukka musikalproduksjonane i historia, underheldt millionar av menneske og tent millionar av kroner. Ein annan kunne ha sett henne på medisin og bede henne om å roa seg ned.
For framtida er vi nøydde til å sjå dei kreative evnene våre for det dei er, og borna våre for den vona dei er. Oppgåva vår er å utdanna heile menneske, så dei kan møta framtida.
- Boka kom ut i 2009 og heiter The Element: How Finding Your Passion Changes Everything [↩]








Leave a Reply