Ost og – squash

Lagt ut: 4. juni 2010 | Stikkord: | 2 kommentarar »

Etter månader med vingling i matvegen og ditto varierande helse og dagsform, er eg tilbake på såkalla lågkarbo-kosthald. Det vil seia at eg stort sett livnærer meg på feitt og protein. Prinsippet om å eta så mykje eg orkar av alt anna enn karbohydrat er enkelt nok, men inngrodde vanar er vonde å venda. I kveld måtte eg altså finna på noko anna enn den sedvanlege brødskiva til kvelds. Her er resultatet:

Foto: Kari Bu

Brødskiva er bytt ut med ei skive squash, med turka urter og ein god ost på. Den mest velsmakande varianten i kveld var med rosmarin, pepar og økologisk fjellost frå Hemsegarden (finst no på Coop over heile landet, nam!). Prøv òg med til dømes dill og oregano, eller med friske urter, eller frø av solsikke og graskar. Like god til enkel kveldsmat som til festleg lag i staden for ost og kjeks.

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks

2 Comments on “Ost og – squash

  1. 1 Tore Bergum said at 22:39 on august 1st, 2010:

    Squashen veks fort i august, om det går som i fjor sit eg att med alt fo rmykje (forvella versjon finst i frysaren enno). Prøver òg i år «vintersquash» for fersk lagring.

    Skal Jarle til Jondal i år, eller er han oppteken med andre ting (make love, not war)?

  2. 2 Jarle Fagerheim said at 09:19 on august 2nd, 2010:

    Jau, vi fer til Jondal i morgon. Hadde tenkt å spørja om du er heime onsdag eller torsdag?


Leave a Reply