Andre pinsedagslunsj

Lagt ut: 24. mai 2010 | Stikkord: | 2 kommentarar »

Andre pinsedag. Butikken er stengt, og eg har lyst på noko anna enn brødmat til lunsj. Eg hugsar eg har ei pakke pasta, litt kapers og parmesan. Og lauk. Og restar frå ein boks solturka tomat. Det byrjar å likna noko. På pastapakka står det ei oppskrift på pasta med sopp. Handplukka sopp frå i fjor ligg i frysaren. Mykje godsmak seinare skriv eg ned oppskrifta medan eg framleis hugsar kva eg gjorde:

Pasta med sopp, kapers og solturka tomat
2 porsjonar

Pastaskjel (eg bruka gnocchi)
1/2 lauk, hakka
2 fedd kvitlauk, finhakka
1 ms solturka tomat, finhakka
2 ms kapers
3 skiver kokt skinke, i fingernaglstore bitar
Sopp med smak i (helst sjølvplukka; fabrikksjampingjong er utelukka)
Oregano (eller andre urter/krydder du likar), salt og pepar etter smak
Omframt møyeleg (extra virgin) olivenolje, i rike mengder
Parmesan, finriven

Kok pasta etter rettleiinga på pakka.

Steik lauk og kvitlauk i olivenolje på mellomsterk varme eit par minutt. Ha oppi sopp og lat det surra til soppen er gjennomvarm. Bland saman med ferdigkokt pasta, tomat, kapers og skinke i ei gryte på svak varme. Dynk alt med olivenolje, tilset urter og krydder. (Det funkar bra med vanleg oregano på boks og svart pepar, men friske urter er alltid godt.) Server med parmesan.

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks

2 Comments on “Andre pinsedagslunsj”

  1. 1 Bodil Fagerheim said at 19:39 on mai 24th, 2010:

    Ventar bare på at kokken snart skal kome heim til Klepp og gje oss nokre velsmakande rettar!
    Mamma

  2. 2 Anonym said at 21:20 on mai 24th, 2010:

    MMMmmmm det så digg ut.

    Visste du forresten at noen italienere foretrekker pastaen ennå hardere enn al dente- «ferme» eller noe? Fikk det servert av en italiener en gang, reagerte med «dette er vel litt hardere enn al dente, er den ordentlig kokt?» og det var den visst, det var sånn han likte den. Så kikket jeg på pakken en gang i italia, og der var det indikert ennå kortere koketid for «ferme»

    Og gnocchi er jo strengt talt ikke som annen pasta, men en slags fersk potetpasta som er populært i Ungarn. Men de spiser vel disse skjell»gnocchi»ene i Italia også da.


Leave a Reply