Til Kyiv og tilbake med tog – dag 3
Lagt ut: 11. februar 2010 | Stikkord: reise | 1 kommentar »Då eg hadde skrive ferdig førre reisebrevet, gjekk eg ut or internettkafeen og opp det eg trudde var ei trapp til plattformane, sidan eg rekna med at toget eg hadde tenkt å ta allereie var sett opp. Det var det, men trappa førde ikkje ut til sporet. I staden fann eg meg sjølv midt i ein svær stasjonshall med uendelege rader av billettskrankar. Tidlegare på dagen, då eg fyrst kom til Poznań, stussa eg over at hovudstasjonen i ein såpass stor by var så liten, og at billettsalet stengde så tidleg. Trass i at eg òg har opplevd slikt før, nemleg at bystasjonar særleg i dei gamle austblokklanda kan ha fleire hallar med dårleg skilting seg i mellom, tenkte eg ikkje noko vidare over det før eg med eitt stod der i hovudhallen.
Eg gjekk rakt til den opne skranken og fekk kjøpt billetten eg trong. Sidan det var rett før toget skulle gå og eg visste det berre var éi 2. klasse sovevagn i togsettet, tok eg meg ikkje bryet med å spørja om soveplass. Då eg gjekk på toget, oppdaga eg at billetten ikkje eingong inneheldt nokon plassreservasjon, men når ein betaler skarve 120 kroner – ordinær pris – for å reisa 678 kilometer, er det vel grenser for kva ein kan venta seg. Sitjevagnene var kupevagner av den gamle sorten, med teoretisk plass til seks reisande i kvar kupe. For dei av oss som er opptekne av å leva i nået og gjera det beste ut av kvar situasjon, er 12 timar på eit slikt nattog ei tilrådeleg øving. Vi var stort sett fire som sat gjennom natta i kupeen min, så vi kunne i alle fall strekka beina, og om morgonen gjekk mi personlege lukke opp nokre hakk då eg fann ut at nabovagna hadde dopapir. Jamt og trutt, med noko som kjendest som ein toppfart på 65 km/t, toga vi gjennom den polske landsbygda frå vest til aust, og dei få av oss som heldt ut heilt til endestasjonen kunne konstatera at vi var i rute til Przemyśl (i alle fall etter NSB-målestokk).
Dei som kjenner meg godt veit at eg kan ha autistiske sympatiar, så eg nytta togturen til å fordjupa meg i Thomas Cook-togtabellen over alle europeiske togavgangar denne vinteren som er verde å rekna med. Der oppdaga eg at det skulle gå eit tog direkte til frå Przemyśl til Kyiv om kvelden. Eg tykte likevel ikkje det ville vera verdt det å betala fleire hundre kroner ekstra for å «sleppa» å få med meg Lviv på vegen. Det eg gjorde, var å droppa planen om å kryssa grensa til fots – eg hadde lese at grensekontrollen av busspassasjerar var mindre streng no enn før.

Moderne farkost i rute mellom Przemyśl og Lviv
På busstasjonen fann eg ein farkost som i Noreg knappast hadde fått passera som russebuss, med destinasjon Lviv. Eg tok sjansen, og snart var vi ved grenseovergangen. Fyrst ei polsk grensevakt inn på bussen – tok med seg alle passa, vi venta nokre minutt og fekk dei tilbake. Vidare over til den ukrainske sida av overgangen, ein god halvtime venting på at dei skulle gjera seg ferdig med to bussar føre oss, før vi alle fekk gå ut og helsa på passkontrolløren. Ho stussa over at eg kom som turist med reisemål Kyiv på ein minibuss med mest polakkar på harrytur, men lét meg gå. Enno ei stund venting på å få passa tilbake, så ein tollar inn på bussen, tydelegvis for å sjå etter gøymde pakkar. Nokre minutt til, endå ein tollar, denne gongen med spørsmål om vi ville deklarera noko. Endeleg fekk vi køyra, og kva var det fyrste som møtte auga på den ukrainske sida? Jau, eit kjøpesenter og ein skog av pengevekslarar. Halvparten av passasjerane nytta då òg høvet til å gå av bussen der.

Ukrainsk harrysenter 10 meter frå grensa til Polen
Vi andre humpa vidare langs E40, før trafikken med eitt korka seg fullstendig. Då vi omsider, etter vel ein time stillstand, kom oss vidare, vart vi vitne til årsaka: eit vagntog i usedvanleg positur på det såpeglatte føret. Det såg ikkje ut som om nokon hadde kome til skade, men vagntoget minte meir om VM i turn enn om eit transportmiddel. Framme i Lviv, eller rettare sagt busstasjonen utanfor Lviv, hadde eg tilbakelagt dei 100 kilometrane frå Przemyśl på i underkant av fire timar. Det fine med denne måten å reisa på, er at slikt knappast skapar irritasjon. Kva er vel ein time forseinking her og der, når ein likevel skal reisa i mange døger?
Eit anna tips: Skal du raskt til ein stad i ein by du ikkje kjenner, ta drosje. Det gjorde eg sjølvsagt heller ikkje, så for å koma meg til jarnbanestasjonen på andre sida av byen hoppa eg på ein minibuss som visstnok skulle til sentrum. Eg såg korleis byen vart gradvis meir full av folk, og frekvensen av engelskspråklege butikkvindaugo auka, og tenkte at eg måtte vera på rett veg. Full av folk vart òg minibussen – det var ikkje ulikt 37-bussen i Oslo i rushtida, berre at det er, ja, ein minibuss. Eg sat inst ved eit vindauga, og sende ein still takk til dei som styrer med slikt då kvinna ved sida av meg reiste seg før eit stopp som synte seg å vera midt i sentrum av byen. Frå dette punktet greidde eg å orientera meg på det dårlege kartet i Ukraina-gaiden min, og staka ut retninga til jarnbanestasjonen. Spaserturen frå sentrum vart mi synfaring av Lviv for denne gongen.
I det heile har eg kjensla av å ha overvurdert verdien av å få nokre timar i byar undervegs på ein slik tur – i alle fall på vinterstid, i land der eg ikkje kan språket godt nok. Eg tvilar ikkje på at Lviv er ein flott by, men ein februarkveld der eg må prioritera å få meg togbillettar og noko i magen – alt saman på eit språk eg ikkje skjønar stort av – greier eg ikkje godt å ta sjarmen inn over meg. Ein betre rytme hadde vore å koma hit seint om ettermiddagen, ha overnattinga klar, ta ein tidleg kveld for å kunna utforska byen dagen etter i ro og mak, før nattoget går vidare.
Det er òg irriterande å slita så mykje med språket som eg gjer her i Ukraina. Lommeparlør har eg, men det hjelper lite når eg ikkje kan dei viktigaste frasene utanboks, til dømes «kva kostar det» og «eg kan ikkje ukrainsk eller russisk, men derimot engelsk, tysk og litt polsk». Likevel greier eg meg betre no enn før, då eg heller gjekk svolten enn å risikera å bruka feil ord på restaurant. På jarnbanerestauranten i Lviv fekk eg meg middag: borsjtsj til forrett og eit stykke svinekjøt med eit fjell av ostegratinerte franske poteter på til hovudrett. Heile herlegdomen kosta under femtilappen, og dette var nok ikkje den billegaste staden i byen. Maken til kvalitetssikra meny har eg aldri sett – stempla og med fire underskrifter på kvar side. Alt berre på ukrainsk, sjølvsagt, som det høver seg på ein internasjonal jarnbanestasjon.
Billetten vidare til Kyiv i natt fekk eg utan noko om og men – eller annan munnleg kommunikasjon – ved å skriva avgangstid, Kyiv og «kupejnyj vahon» med fine kyrilliske bokstavar på ein lapp og gå til luka med lengst kø (= størst sannsyn for at dei sel vanlege billettar, ikkje berre rabattert pakketurar til niesar av krigsveteranar som skal på ferie til Krim). Av dei ymse avgangane valde eg sjølvsagt den klokka 22.47, same tid som nattoget på Sørlandsbanen går frå Oslo S.
Det minner meg dessutan om at eg faktisk har passert ei tidssone, og har ein time mindre venting føre meg enn eg trudde før eg tok til med dette tredje reisebrevet. Godt eg ikkje forvilla meg ned i byen att i kveld, toget går om førti minutt.
Sjå der, no våga eg jamvel å gå til skranken i ventehallen og spørja på ukrainsk om dei selde trådlaus nettilgang.

Kyiv neste!








Du skriv så levande, mest som eg er med på turen! God natt på toget!