Til Kyiv og tilbake med tog – dag 2
Lagt ut: 10. februar 2010 | Stikkord: reise | 2 kommentarar »Nok ein tidleg frukost for å nå eit tidleg tog frå stasjonen. I dag skulle eg med morgontoget frå København til Berlin, med avgang 07.45. Men det er ikkje berre NSB som slit i vinterkulda.Toget trilla ikkje inn på hovudbanegarden før nærare halv ni, etter å ha vorte sperra av eit havari på Nørreport stasjon. Eg har reist denne strekninga før, men nytt denne gongen var at det dansk-tyske jarnbanesamarbeidet hadde sett inn eit av dei elegante InterCityExpress (ICE)-togsetta i staden for dei danske dieseltraktorane med det velfortente kallenamnet «gumminase». ICE-nettverket av snøgge, komfortable avgangar dekkjer no det meste av Tyskland med fleire forgreiningar til grannelanda, og er med god grunn eit flaggskip for Deutsche Bahn. Maken til straumlineforma tog skal du sjå langt etter.

Stileg tog på ferja
Toget frå den danske hovudstaden til Hamburg og Berlin utmerkjer seg ved at det kryssar Fehmern-sundet med ferje. Så vidt eg kjenner til er dette det einaste ferjesambandet i Europa som tek med seg rutebundne passasjertog på dagtid. Slikt var vanlegare før – ein gong las eg om korleis folk såg fram til å kunna ta toget frå Oslo til Haugesund over Sørlandsbanen, med jarnbaneferje over Boknafjorden. (Vonleg kan vi om ikkje alt for mange år oppleva å ta toget frå Oslo til Stavanger over Haukelibanen, med jarnbanetunnel under fjorden.) Den andre passasjerjarnbaneferja eg har teke er den som fraktar nattoget Malmö-Berlin frå Trelleborg til Sassnitz. Det mest spektakulære denne gongen var nok likevel å koma til sørspissen av Danmark i tjukt snødrev, og kryssa sundet med synlege isflak i havet.

Tyskland sett frå ferja, med is i havet
Då toget kom inn til sentralstasjonen i Hamburg var forseinkinga køyrd inn så nær som ni minutt, men så vart det meir venting på å koma ut att frå denne mammutstasjonen. Eg gjekk av på Berlin Ostbahnhof ein halvtime seinare enn planlagt. Der kunne eg faktisk ha teke toget vidare beine vegen til Kyiv ein time seinare, og kome fram i morgon ettermiddag, men i tillegg til at det hadde vore nokså dyrt, tok eg ikkje sjansen på så kort overgangstid. Eg gjekk innom billettkontoret for å høyra om dei kunne reservera plass til meg på nattoget frå Poznań til Przemyśl, men det lukkast ikkje betre enn då eg freista få NSB til å gjera sameleis før eg la ut på ferda. Den polske jarnbanen er litt lite samarbeidsviljug når det gjeld utanlandsbillettar, men som eg skal koma tilbake til har dei andre styrkar. Eg kjøpte meg eit overraskande velsmakande (og billeg!) smørbrød og sette meg til å venta på Berlin-Warszawa-ekspressen. I rutetabellen stod det at det skulle koma klokka 16.40 til spor 3. Der synte det seg at informasjonstavlene var ute av drift, så det var berre å høyra etter på høgtalaren som snart annonserte at toget var 15-20 minutt forseinka grunna venting på korresponderande tog ved Berlin Hauptbahnhof. Fint, men dette vart berre sagt på (veldig forståeleg) tysk. Ikkje noko stort problem, men det kunne vore forvirrande for mindre språkkunnige ferdafolk når det i mellomtida kom eit lokaltog inn på same sporet. Annonsering på fleire språk, eventuelt nokre refleksvestkledde folk på plattforma når informasjonstavlene ikkje verka, hadde ikkje vore dumt.

Berlin-Warszawa-ekspressen rullar inn
Dagens høgdepunkt var matvagna på toget til Polen. Skikkeleg restaurant med meny, mange rettar å velja mellom og polske (dvs. hyggjelege) prisar. For 7,50 euro fekk eg meg rugsuppe (żurek) med brød til forrett, pirogar med kål- og soppfyll (nam!) til hovudrett og sprudlevatn å drikka. Om eg nokon gong tek eit morgontog på denne strekninga, må eg kjøpa meg «norsk frukost», som ifylgje den polske jarnbanemenyen er basert på egg og laks. Då eg forlét toget i Poznań, var det nesten i rute. Eg hadde tenkt å kjøpa billett vidare med nattoget til Przemyśl, men nei – her stengjer billettkontoret klokka 19.30, og «billettautomat» er visst eit framandord. Eg tok beina fatt og gjekk eit par kilometer inn til sentrum av byen, for å proviantera og finna overnattingsstader om det skulle syna seg at toget i natt er fullt. Elles ikkje mykje å oppleva i Poznań by på ein mørk onsdagskveld, fekk eg inntrykk av.

NSB Meny Kafe vert liksom stussleg i samanlikning

Pirogar, nam!
No er eg då tilbake på stasjonen, som heldigvis er utstyrt med internettkafe. Vonleg vert neste reisebrev frå Ukraina.

Togmøte i Poznań








Gildt å lesa, fortsatt god tur!
Det var flott å lese om reisa di dei to fyrste dagane. Eg ser fram til det som måtte koma av framhald. Bestemor bed meg helsa. Ha det godt.
helsing bestefar.