Til Kyiv og tilbake med tog – dag 1

Lagt ut: 10. februar 2010 | Stikkord: | 1 kommentar »

Nokre medlemer av nettsamfunnet Underskog har i godt og vel eitt år testa restaurantar i Oslo. I fjor haust dukka ideen opp at konseptet skulle utvidast til testing av byar. Fyrste by ut er Kyiv, hovudstaden i Ukraina, og reisefylgjet forlèt Gardermoen på fredag for ei langhelg. Eg ville gjerne vera med, men har jobba for mykje med miljøkonsekvensane av flytrafikken til at eg kunne flyga ned med godt samvit. Fleire vellukka utanlandsturar med tog dei siste åra fekk meg snart til å sjå etter om eg kunne gjera den flybaserte langhelga om til ei togbasert langveke. Med hjelp av Mannen på plass 61 og reiseplanleggjaren til Deutsche Bahn kom eg fram til fylgjande reiserute:

  • Dag 1: Oslo-København, overnatting
  • Dag 2: København-Berlin-Poznań, nattog til Przemyśl
  • Dag 3: Przemyśl-Lviv, nattog til Kyiv

Det enklaste hadde vore å ta Kiel-ferja, hoppa på eit tog til Berlin og ta direktetoget Kashtan derifrå til Kyiv. Men den meir omstendelege ruta gjev høve til opphald i interessante byar undervegs, og lèt seg ikkje minst kombinera med ein interrail-billett til 1367 kroner som gjev fem dagar fri reise gjennom Sverige, Danmark, Tyskland og Polen innan ein tidagarsperiode – perfekt for turen min – og togbillettar i Ukraina er nesten gratis i norsk målestokk, i motsetnad til direktebilletten frå Berlin til Kyiv. Det gamle russiske jarnbanenettet har breiare sporvidd enn det europeiske, så grensekryssande vagner må heisast opp i lufta og setjast ned på nye boggiar. Det kostar. Etter å ha vurdert ulike alternativ, satsar eg på å kryssa den polsk-ukrainske grensa ved Przemyśl til fots, hoppa på ein buss til Lviv og ta toget vidare til målet for reisa. På tilbaketuren kan det henda eg tek eit nattog heile vegen frå Lviv til Kraków eller Wrocław i Polen, men det vil eg vurdera når eg kjem til Ukraina.

Fyrste stasjon: Oslo S

Fyrste stasjon: Oslo S

Eg fekk meg ein rask frukost heime i Nordahl Bruns gate før eg la i veg med fyrste etappe, 37-bussen til Jarnbanetorget. Bussen var i rute, og godt var det, sidan eg kom til spor 17 på Oslo S fem minutt før toget til Gõteborg køyrde klokka 7. Dei fyrste hundre åra med norsk sjølvstende var togsambandet til Sverige velutvikla, men dei siste åra er det skòre ned til nokre få avgangar til Gøteborg, Karlstad og Stockholm. (At det no manglar «daglege» nattog frå Oslo til den svenske hovudstaden og Malmö/København må vera ein av dei største skandalane i europeisk samferdslepolitikk. Tilbodet på strekninga Trondheim-Bodø er langt betre, trass i at det både er lengre, dyrare grunna manglande elektrifisering, og langt færre som bur langs lina.) No som E6 er opna som motorveg heile strekninga frå Vinterbro til kontinentet, medan moderniseringa av Østfoldbanen stoppa i Moss for mange år sidan, er toget òg langsamare enn buss og bil til Gøteborg.

Sovestol på Göteborg-toget

Sovestol på Göteborg-toget

Toget er likevel meir komfortabelt og sivilisert, og eg fann meg snøgt til rette i eitt av dei to unummererte, vindaugelause seta lengst bak i stille-avdelinga – det næraste vi kjem soveplassar på denne avgangen, som eg lærde å kjenna då eg pendla til Moss som organistvikar i 2008. Etter ei veke med lite svevn, var det godt å kunna døsa seg forbi Østfold-byane og ned til siste stopp på norsk side, Halden. Innan dess var toget nærast tømt for passasjerar. Tysdag føremiddag er vel ikkje den vanlegaste tida å ta seg ein harrytur på. Nedover den svenske landsbygda tok eg plass ved vindauga, og til skilnad frå det eg har vore van med, var det ikkje mindre vinter i Vest-Sverige enn i Oslo. Til Göteborg kom toget i rute, 3 timar og 55 minutt etter avgang frå Oslo.

Siste stopp før svenskegrensa

Siste stopp før svenskegrensa

Direktetoget Oslo-København er for lengst historie, men Statens Järnvägar køyrer i det minste eit korresponderande X-2000-tog vidare frå Göteborg. Avgangen vart nokre minutt forseinka, men saman med dei få medpassasjerane mine kom eg til København i rute klokka 15. Eg kunne spara 59 kroner på å ta eitt av dei mange Øresundstoga, men unte meg det meir staselege X-2000 denne gongen – det næraste vi kjem langdistanse høgfartstog i Skandinavia, trass at toppfarten på det svenske jarnbanenettet «berre» er 200 km/t. Göteborg-København tek vél ein halv time kortare tid enn den omlag like langstrekte ferda Oslo-Göteborg, medrekna snuing av toget i Malmö. Svenskane er heller ikkje så gniene at dei tek 90 kroner ekstra for eit vesalt straumuttak ved setet. Det dei tek avgift for er tilgang til internett – 39 kroner for ein halvtime, 99 kroner for heile reisa. Eg greidde å kopla meg på det trådlause nettet, men då eg skulle kjøpa internettilgangen mislukkast Visa-verifiseringa, og SMS-betalinga fungerte ikkje med mitt norske mobilabonnement. Eg trur eg kunne gått i bistrovagna og kjøpt ein kupong, men fann ut at eg like godt kunne lesa i psykologihistorieboka mi i staden.

X-2000, klar for avgang mot København

X-2000, klar for avgang mot København

På stasjonen i København vart eg møtt av min gode ven og partikamerat Adam, for tida retorikkstudent i byen. Vi kom oss ut til husværet hans på Nørrebro med S-tog (lokaltog med god plass til syklar og gratis trådlaust internett – lær, NSB!) og metro (nybygd, førarlaus og med dagslys på stasjonane). Vinteren har bode på snø og kulde òg i den danske hovudstaden, utan at det hindrar folk i å sykla i byen. Det hjelper nok at sykkelvegar finst overalt, og at dei vert brøyta like sjølvsagt som bilvegane (lær, Oslo kommune!). Som den hyggjelege eksilpolakken Adam er, var det ikkje vanskeleg å finna ut at vi skulle laga pirogar til middag.

Adam briljerer på kjøkenet

Adam briljerer på kjøkenet

I morgon tidleg ber det vidare mot Berlin og Poznań, og så sant eg greier å kopla meg på nettet, vert det nytt reisebrev her på bloggen i morgon kveld.

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks

One Comment on “Til Kyiv og tilbake med tog – dag 1”

  1. 1 Ridder Hoppalong Gargass said at 22:43 on februar 10th, 2010:

    God tur videre! Jeg gleder meg til å lese neste oppdatering. Vi snakkes i Kiev.


Leave a Reply