Til Kyiv og tilbake – med fly

Lagt ut: 16. februar 2010 | Stikkord: | 2 kommentarar »

Eg sette beina på norsk jord att på Gardermoen i går kveld, vel tre dagar før eg hadde tenkt å gå av toget på Oslo S. Dei som måtte undra på korleis opphaldet i Kyiv med gjengen frå Underskog var, vil ikkje få vita stort meir her på bloggen enn at det så avgjort var ei triveleg helg, med gildt selskap og mykje god mat. Men mest av alt fekk eg læra meg sjølv betre å kjenna, og det set ramma for dette siste reisebrevet.

Så langt tilbake eg kan hugsa har eg lika å reisa, og sidan 16-årsalderen har eg reist jamleg i Europa på eiga hand – som musikar, i politiske samanhengar og for å vitja folk eg har møtt på nettet. Eg har nok reist meir enn det som er vanleg i denne alderen, men turisme har eg lite røynsle med. Med turisme meiner eg å reisa ein stad utan å ha anna føre enn å «sjå» staden, gjerne innlosjert på hotell og med restaurantmat som ein av dei største utgiftspostane på feriebudsjettet.

For meg vart langhelga i Kyiv eit uventa møte med turismen. Vel visste eg kva eg gjekk til, med hotellopphald, restaurantvitjingar og synfaring av gamle bydelar, men eg visste lite om korleis eg kom til å reagera. Eitt kjennemerke ved turistlivet er at det skil seg dramatisk frå det livet ein elles lever. Ideelt sett skal det vera eit avbrekk frå kjas og mas i kvardagen, eit høve til å verkeleg slappa av og lada batteria, i påvente av at ferien skal ta slutt og det brutale dagleglivet skal melda seg att.

«Problemet» mitt er at kvardagen min inneheld lite kjas og mas. Eg slappar av ved å gjera ting eg trivst med, og ladar batteria når eg kjenner at dei gjev meining. Eg livnærer meg på ein kombinasjon av studielån og frilansjobbing som gjer meg i stand til å forma dagane slik eg finn det for godt. Når eg har hatt stort utbyte av reisene mine dei siste åra, har det med å gjera at møte med menneske andre stader har gjort livet og virket mitt rikare. Til dømes dei to store utanlandsturane mine i fjor: fyrste halvdelen av mai vitja eg partifeller i Norwich, London og Brighton og hjelpte til med EU-valkampen, før eg runda av med å delta på kongress i det svenske Miljöpartiet; andre halvdelen av september deltok eg på orgelkurs i både Toulouse og Naumburg. Eg har utvikla eit veldig positivt forhold til reising, utan å vita så mykje om kvifor. Helga som turist i Ukraina har gjort meg meir medviten om at det ikkje har så mykje med reisinga eller avbrekket i seg sjølv å gjera, som med menneska eg har møtt og hatt gjevande opplevingar med.

No ser eg òg klarare kvifor det ikkje har vore noko offer å kutta ut flyet som transportmiddel nesten fullstendig sidan 2007. Det har gjeve meg insentiv til å vera noko meir enn berre turist, til å oppsøkja fleire gjevande situasjonar enn eg elles hadde gjort. Eg har teke kontakt med folk eg elles hadde passert i 30.000 fot, og gjerne stoppa ein dag eller tre for å læra dei å kjenna undervegs til det eigentlege målet for reisa. Eg har vitja ein pensjonert fysikkprofessor og amatørorganist i Sveits (eigentleg på veg heim frå ein konsert i England), hatt festlege samtalar med skuleungar i ein slovakisk landsby (på ei blanding av polsk, tsjekkisk og tysk; eigentleg på veg heim frå ein polsk ven), og fått omsyning i eit forskingssenter for robotteknologi i Toulouse (av verten min i etterkant av orgelkurset i haust, før eg måtte vidare til Tyskland). At eg har kome frå det heile med eit lågare økologisk fotavtrykk enn elles har mest vore ein bonus.

I Kyiv kjende eg ingen, og språkdugleiken – som er ein faktor av faktiske kunnskapar og sosialt vågemot, der sistnemnte er hovudproblemet for meg – var heller dårleg. Eg var bunden til å vera turist, og det gjev meg ikkje stort. Snarare vert eg frustrert over at eg ikkje er heime og kan arbeida med det eg brenn for. Då stod eg att med triveleg samvære med dei andre i gruppa, eit samvære som vi òg har heime med jamne mellomrom. Eg gjekk trøtt av å vera borte, og då det synte seg at ein flybillett med same fly som dei andre tilbake til Oslo var kriminelt billeg – 1300 kroner kjøpt dagen før – var det ikkje eigentleg vanskeleg å slå til. (Eg ville ha måtta ut med omlag same sum i togbillettar og plassreservasjonar for å koma meg heim med tog.)

Jau, eg har fått riper i lakken som miljøalibi. Det har eg heldigvis ikkje hatt ambisjonar om å vera. Prosjektet mitt er ikkje å driva flyselskapa til konkurs ved å la vera å kjøpa billettar, men å visa kva som kan la seg gjera. Togreisa til Kyiv gjekk då òg imponerande knirkefritt, endå eg på ingen måte valde lettaste rute. Politikarane våre har visseleg ein jobb å gjera for at det skal verta lettare å vera turist på ein miljøvenleg måte. Spørsmålet er i kva grad ein sunn politikk òg ville fjerna mesteparten av grunnlaget for turismen, til fordel for reising som gjev meining.

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks

2 Comments on “Til Kyiv og tilbake – med fly”

  1. 1 Tante Anne-Lise said at 14:36 on februar 20th, 2010:

    Hei Jarle!
    Godt å høre at du er vel heime igjen. Den miljøripa di i lakken er jo nesten ikke synlig.. Full støtte til valget av fly på returen, men du gikk nok glipp av mange opplevelser, det har du nok rett i. Uansett er det interessante og tankevekkende refleksjoner du formidler, og du skriver svært godt. Er jo veldig enig i mye av dine betraktninger rundt turismen, men kan likevel nyte å være bare turist på fremmende plasser uten annent formål enn å se, oppleve og lære om det fremmede. Men det kan bli temmelig heftig og uutholdelig i trengselen og varmen noen ganger. Lykke til videre med arbeid og engasjement.
    Klem fra tante Lise

  2. 2 Jarle Fagerheim said at 18:29 on februar 20th, 2010:

    Eg hadde nok hatt meir glede av å vera turist om eg hadde større sosialt vågemot. Problemet er å oppleva noko framandt i eit land der eg ikkje kan/vågar å bruka det eg kan av språket. Då er det vanskeleg å oppleva stort meir enn straumlineforma turistattraksjonar og andre ting som eg eigentleg kjenner heimanfrå, til dømes kjøpesenter (som eg jamvel mislikar, uansett kvar dei er!) Elles takk for gode ord.


Leave a Reply