Til Kyiv og tilbake med tog – dag 4
Lagt ut: 12. februar 2010 | Stikkord: reise | 1 kommentar »Billetten til Kyiv-ekspressen var prenta både på ukrainsk og russisk, utan at det hjelpte meg stort. Eg skjøna at eg skulle til vagn nummer 13, og konduktøren der vinka meg inn med det eg oppfatta som try-eittelleranna-try. Og ja, plass nummer 3 var ledig den, i alle fall ei stund. Heldigvis var det billettkontroll så snart toget tog til å rulla, der eg fekk greie på at det var plass trydtsjat’-try, 33, eg skulle ha. Eg hadde kanskje skjøna det med ein gong om konduktøren ikkje hadde snakka russisk, der vokalar i trykklause stavingar gjerne forvitrar. Eg greier ikkje heilt å ta parti i den ukrainske språkstriden – vanlege folk ser ut til å ha det fint i ein tospråkleg kvardag – men ukrainsk er meir turistvenleg sidan uttalen er lettare å få tak på. Etterpå såg eg at plassnummeret stod på billetten (tredje line, etter fyrste ord frå venstre, så veit eg det til neste gong).
I rett kupe fekk eg selskap av ei ukrainsk kvinne, og før svevnen tok oss hadde vi ein så interessant samtale som det polsk-tyske akutt-pidginet (blandingsspråket) vi utvikla kunne tillata. Sitjeplassane vart gjorde om til senger ved hjelp av ein tynn madrass, ei langt rausare pute og sengeklede – alt inkludert i billettprisen (kring 85 kroner), i motsetnad til det gaidbøkene gjerne seier. Vagna verka både ny og fin, med mjuke tepper i gangen. Rett nok både bråka og humpa det litt meir enn på norske nattog, men ikkje verre enn at eg – utan øyreproppar – fekk sova like godt som i sovevagnene til NSB.
Eg kom aldri så langt som å finna ut av toalettfasilitetane på toget, og på stasjonen i Kyiv fekk eg ganske enkelt ikkje gjera det – stengt for reingjering mellom 7.30 og 8.00! Eg gjekk ut og la i veg mot sentrum og hotellet vi skal bu på. Retninga var rett, og eg trivst vanlegvis med å gå meg vill på ukjende stader, men med snødrev og isande vind var det ikkje så freistande denne gongen. Ein augneblink tenkte eg å finna ein drosje, før eg kom på at eg kunne ta metroen. Som eg var innom i går, er drosje ein fin måte å koma dit ein skal, medan andre framkomstmiddel gjerne fører til meir uventa og spanande opplevingar.
Eg hadde god tid, og kasta meg inn i folkehopen på metrostasjonen med barnleg glede over å endeleg oppleva kollektivtrafikk etter dytt-og-vert-dytta-prinsippet. I Oslo er det eit irritasjonsmoment, her er det ein livsstil. Det er òg ein næringsveg, takk vere naive turistar som meg. Eg var nok eit lett bytte når eg stod der, som sild i tunne med sekk på ryggen, koffert i den eine handa og gaidbok i den andre. Nett kvar det skjedde veit eg ikkje, heller ikkje om det var den same som hadde stukke av med lommeboka mi som hadde opna ryggsekken. Vel framme på hotellet kunne eg i alle fall konstatera at eg var pengelens, bortsett frå 100 euro i magebeltet og nokre småpengar i bukselomma. Sekken hadde vore opna, men både datamaskina mi og dei dyre øyretelefonane mine var urørde, trass at dei var langt meir verde enn innhaldet i lommeboka. Om det finst nokon moral i dette, måtte det vera denne:
- Metro i Kyiv er morosamt, og bør opplevast.
- Vurder likevel drosje om du har meir enn eitt kolli å bera på.
- Gøym i alle fall lommeboka ein annan stad enn innerlomma.
- Det er dumt å ha forsikringskort, bankkort og mesteparten av pengane dine i same, handgripelege eining.
- Når du fyrst skal vera godtruande, er det ein føremon å verta utsett for ein tjuv som berre er interessert i papirlappar med halvdårleg kunst på.
Heldigvis hadde eg meir enn nok pengar til å få meg noko mat, medan eg ventar på at dei flygande Underskogsbuarane skal dukka opp og vonleg ha likviditet nok til å kunna gje meg krisekreditt i helga. Framhald fylgjer.








Hei Jarle!
Fantastisk hva du opplever! Svært interessant å følge deg og lese reisebrevene dine. Må bare innrømme at det er med hjertebank og høy spenning i kroppen jeg tar inn opplevelsene dine. Dette er jo heavy stoff! Og du er en skikkelig tøffing! Men trå varsomt! Skal bli interessant å følge deg videre. Sender deg gode tanker!
Klem fra tante Anne-Lise