Der menneske med glød møtest

Lagt ut: 5. februar 2010 | Stikkord: , | Ingen kommentarar »

Eg hugsar Nils Christie fortalde meg at han i si tid ikkje hadde ein einaste eksamen før han tok magistergraden etter seks år på universitetet. Det høyrest fjernt ut i dag, men kor mange kjem ut av Blindernkverna med nok kreativitet og entusiasme til å etablera eit nytt og vettugt forskingsfelt, som Christie gjorde det med kriminologien?

På universitetet er det berre eit fåtal som faktisk er interesserte i det dei studerer. Livet på universitetet handlar for dei fleste om å få med seg nok obligatoriske førelesingar til at ein får lov til å gå opp til eksamen, der ein må kunna gulpa opp nok pensum til å stå. Då kan ein få seg ein grad, og det må ein ha for å få seg jobb, og jobb må ein jo ha for å betala tilbake studielånet og etablera seg i forbrukssamfunnet.

Er det rart at så få medisinarar ytrar seg kritisk til den umenneskelege behandlinga (eller mangelen på behandling) av rusmiddelavhengige, når dei har kome seg inn i yrket gjennom å lyda lærarar og professorar slavisk gjennom 20 år for å få dei rette papira? Høge opptakskrav basert på karakterar utelukkar nokre av dei mest kreative studentane: dei som var for sjølvstendige på skulen til å smiska med lærarane, eller ganske enkelt prioriterte nyttigare sysler enn skulegang.

I Sverige er det mogleg å få opptak til universitet og høgskular på grunnlag av Högskoleprovet, ein enkelt eksamen som måler faktiske evner som trengst for å studera: lesing av diagram og tabellar, leseforståing, problemløysing og ordtilfang. Noreg burde innført noko tilsvarande, og gjerne gått endå lenger. Ein slik eksamen burde åleine kunna gje studiekompetanse.

Opptaket til til høgare utdanning burde i utgangspunktet vera ope, så fekk vi heller stilla strengare krav undervegs i studiet. Alle bør få prøva seg. Skal opptaket framleis regulerast, bør det finnast mange fleire vegar inn enn karakter- og tilleggspoeng. Högskoleprovet er ein modell, opptaksprøver og intervju er andre. Ein kombinasjon av desse kunne gje eit meir variert utval av motiverte studentar.

Universitetet pryder seg med å vera forskingsbasert. Kvifor i all verda vert ikkje då studentane involverte i forskinga frå fyrste dag? Tenk for ein stad universitetet kunne vore, fylt av menneske med all slags bakgrunn som får høve til å bruka heile dagen på å finna ut av korleis verda heng ihop, få greie på kvifor det er slik, og diskutera om vi bør prøva å endra på noko.

Sjølvstendig tenking vert aktivt frårådd. Kritiske spørsmål passar seg ikkje i seminargruppene, for det tek tida frå dei stakkars studentane som strevar nok med pensum som det er. Nokre få studentar på master- og doktorgradsnivå er så heldige å få lov til å sjølve formulera problemstillingar og utforska dei – etter å ha vore gjennom årevis med tileigning av «basiskunnskap» slik at risikoen for at dei kjem til andre oppfatningar enn professorane vert minimalisert.

Formell utdanning har fått altfor stor vekt i samfunnet. Hadde det ikkje vore slikt press for å studera når ein eigentleg ikkje vil, hadde det òg vore lettare å kunna ha ope inntak av dei studentane som faktisk var motiverte. Ingen av visjonane mine for kva universitetet kunne vore lèt seg realisera med ein studentmasse som stort sett berre er der for at dei må. Men der menneske med ein indre glød møtest, kan dei mest (ved)underlege ting skje.

Denne teksten stod på prent i januarnummeret av =Oslo

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks


Leave a Reply