Lagt ut: 16. februar 2010 | Stikkord: reise | 2 kommentarar »
Eg sette beina på norsk jord att på Gardermoen i går kveld, vel tre dagar før eg hadde tenkt å gå av toget på Oslo S. Dei som måtte undra på korleis opphaldet i Kyiv med gjengen frå Underskog var, vil ikkje få vita stort meir her på bloggen enn at det så avgjort var ei triveleg helg, med gildt selskap og mykje god mat. Men mest av alt fekk eg læra meg sjølv betre å kjenna, og det set ramma for dette siste reisebrevet.
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 12. februar 2010 | Stikkord: reise | 1 kommentar »
Billetten til Kyiv-ekspressen var prenta både på ukrainsk og russisk, utan at det hjelpte meg stort. Eg skjøna at eg skulle til vagn nummer 13, og konduktøren der vinka meg inn med det eg oppfatta som try-eittelleranna-try. Og ja, plass nummer 3 var ledig den, i alle fall ei stund. Heldigvis var det billettkontroll så snart toget tog til å rulla, der eg fekk greie på at det var plass trydtsjat’-try, 33, eg skulle ha. Eg hadde kanskje skjøna det med ein gong om konduktøren ikkje hadde snakka russisk, der vokalar i trykklause stavingar gjerne forvitrar.
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 11. februar 2010 | Stikkord: reise | 1 kommentar »
Då eg hadde skrive ferdig førre reisebrevet, gjekk eg ut or internettkafeen og opp det eg trudde var ei trapp til plattformane, sidan eg rekna med at toget eg hadde tenkt å ta allereie var sett opp. Det var det, men trappa førde ikkje ut til sporet. I staden fann eg meg sjølv midt i ein svær stasjonshall med uendelege rader av billettskrankar.
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 10. februar 2010 | Stikkord: reise | 2 kommentarar »
Nok ein tidleg frukost for å nå eit tidleg tog frå stasjonen. I dag skulle eg med morgontoget frå København til Berlin, med avgang 07.45. Men det er ikkje berre NSB som slit i vinterkulda.
Les resten av innlegget »
Lagt ut: | Stikkord: reise | 1 kommentar »
Nokre medlemer av nettsamfunnet Underskog har i godt og vel eitt år testa restaurantar i Oslo. I fjor haust dukka ideen opp at konseptet skulle utvidast til testing av byar. Fyrste by ut er Kyiv, hovudstaden i Ukraina, og reisefylgjet forlèt Gardermoen på fredag for ei langhelg. Eg ville gjerne vera med, men har jobba for mykje med miljøkonsekvensane av flytrafikken til at eg kunne flyga ned med godt samvit. Fleire vellukka utanlandsturar med tog dei siste åra fekk meg snart til å sjå etter om eg kunne gjera den flybaserte langhelga om til ei togbasert langveke. Med hjelp av Mannen på plass 61 og reiseplanleggjaren til Deutsche Bahn kom eg fram til fylgjande reiserute:
- Dag 1: Oslo-København, overnatting
- Dag 2: København-Berlin-Poznań, nattog til Przemyśl
- Dag 3: Przemyśl-Lviv, nattog til Kyiv
Les resten av innlegget »
Lagt ut: 5. februar 2010 | Stikkord: kreativitet, læring | Ingen kommentarar »
Eg hugsar Nils Christie fortalde meg at han i si tid ikkje hadde ein einaste eksamen før han tok magistergraden etter seks år på universitetet. Det høyrest fjernt ut i dag, men kor mange kjem ut av Blindernkverna med nok kreativitet og entusiasme til å etablera eit nytt og vettugt forskingsfelt, som Christie gjorde det med kriminologien?
På universitetet er det berre eit fåtal som faktisk er interesserte i det dei studerer. Livet på universitetet handlar for dei fleste om å få med seg nok obligatoriske førelesingar til at ein får lov til å gå opp til eksamen, der ein må kunna gulpa opp nok pensum til å stå. Då kan ein få seg ein grad, og det må ein ha for å få seg jobb, og jobb må ein jo ha for å betala tilbake studielånet og etablera seg i forbrukssamfunnet.
Er det rart at så få medisinarar ytrar seg kritisk til den umenneskelege behandlinga (eller mangelen på behandling) av rusmiddelavhengige, når dei har kome seg inn i yrket gjennom å lyda lærarar og professorar slavisk gjennom 20 år for å få dei rette papira? Høge opptakskrav basert på karakterar utelukkar nokre av dei mest kreative studentane: dei som var for sjølvstendige på skulen til å smiska med lærarane, eller ganske enkelt prioriterte nyttigare sysler enn skulegang.
I Sverige er det mogleg å få opptak til universitet og høgskular på grunnlag av Högskoleprovet, ein enkelt eksamen som måler faktiske evner som trengst for å studera: lesing av diagram og tabellar, leseforståing, problemløysing og ordtilfang. Noreg burde innført noko tilsvarande, og gjerne gått endå lenger. Ein slik eksamen burde åleine kunna gje studiekompetanse.
Opptaket til til høgare utdanning burde i utgangspunktet vera ope, så fekk vi heller stilla strengare krav undervegs i studiet. Alle bør få prøva seg. Skal opptaket framleis regulerast, bør det finnast mange fleire vegar inn enn karakter- og tilleggspoeng. Högskoleprovet er ein modell, opptaksprøver og intervju er andre. Ein kombinasjon av desse kunne gje eit meir variert utval av motiverte studentar.
Universitetet pryder seg med å vera forskingsbasert. Kvifor i all verda vert ikkje då studentane involverte i forskinga frå fyrste dag? Tenk for ein stad universitetet kunne vore, fylt av menneske med all slags bakgrunn som får høve til å bruka heile dagen på å finna ut av korleis verda heng ihop, få greie på kvifor det er slik, og diskutera om vi bør prøva å endra på noko.
Sjølvstendig tenking vert aktivt frårådd. Kritiske spørsmål passar seg ikkje i seminargruppene, for det tek tida frå dei stakkars studentane som strevar nok med pensum som det er. Nokre få studentar på master- og doktorgradsnivå er så heldige å få lov til å sjølve formulera problemstillingar og utforska dei – etter å ha vore gjennom årevis med tileigning av «basiskunnskap» slik at risikoen for at dei kjem til andre oppfatningar enn professorane vert minimalisert.
Formell utdanning har fått altfor stor vekt i samfunnet. Hadde det ikkje vore slikt press for å studera når ein eigentleg ikkje vil, hadde det òg vore lettare å kunna ha ope inntak av dei studentane som faktisk var motiverte. Ingen av visjonane mine for kva universitetet kunne vore lèt seg realisera med ein studentmasse som stort sett berre er der for at dei må. Men der menneske med ein indre glød møtest, kan dei mest (ved)underlege ting skje.
Denne teksten stod på prent i januarnummeret av =Oslo