Min fyrste fjesbok-prat
Lagt ut: 14. desember 2009 | Stikkord: tull | 1 kommentar »Ein grunn til at eg ikkje har bruka pratefunksjonen på fjesboka før «Pablo» fann det for godt å slå på tråden i kveld, er at det liksom strid mot den sosialpornografiske ånda bak nettsamfunnet. Når eg fyrst har synda, gjer eg bot for det her på sida, og refererer samtala:
Pablo: på kontoret?
Jarle: ja
Jarle: du er den fyrste som pratar med meg på fjesbok
Pablo: ie den første som har tiltala deg, eller den første du har svara?
Jarle: fyrste til å ta ut tiltale
Jarle: lyst å vera med på healing i morgon?
Pablo: vel, du kjenner jo meg. dogmatisk skulemedisin-entusiast
Jarle: då har du jo ikkje noko å frykta
Pablo: nei du. eg vil nødig verke arrogant, men eg har ikkje 100 kr å bruke på healing
Jarle: det er legitimt
Pablo: er det auf som arrangerer det!
Pablo: vilt
Pablo: kanskje eg berre burde bli med i ap
Jarle: ikkje meg imot
Pablo: etterkvart som eg posisjonerer meg for å bli støggrik (jf. cambridge), er det jo lite som tilseier at eg bør vere i sv
Jarle: i fyrste omgang posisjonerer du deg vel for eit h….s stort studielån
Jarle: det tilseier SV eller R
Pablo: definitivt
Jarle: forandring i sv gjev sterkare opposisjon til ap
Jarle: forandring i ap gjev forandring i samfunnet
Pablo: kva gir forandring i h?
Jarle: forandring i retorikken til ap
Jarle: eg kunne slege meg opp som politisk kommentator
Pablo: spør dagsavisen
Pablo: eg trur dei er i beit for alt
Pablo: kanskje få deg ein «blogg»?
Pablo: men då må du først anleggje eit krampaktig positivt eu-perspektiv på alt
Jarle: kanskje eg skulle tilby meg å skriva gratis for dagsavisen
Jarle: det er vel framleis nokre som les henne
Pablo: arne strand m.fml.
Pablo: men det er jo ei trist utvikling
Pablo: til slutt kjem vi til å stå att med vg og aftenposten
Pablo: og bergen aftenblad
Jarle: og morgonbladet dag og klassekamp
Pablo: stiller du deg framleis avvisande til tanken på å gå på cambridge?
Pablo: det hadde blitt litt av eit studentmållag
Pablo: når vi kjem heim, kan vi kuppe oslo ap og bli statsminister
Jarle: kall meg reaksjonær, men eg vert heller heime og får meg familie
Pablo: mørkemann
Jarle: godnatt
[stilt]
Pablo: tog an!








To spørsmål:
!. Kven er denne Pablo?
@. Føregår healinga i regi av Arbeidaranes Ungdomsfylking?