Eg spela ein romjulskonsert i denne ukjende kyrkja midt i Oslo 29. desember 2009 klokka 16, likevel kom det nesten 50 tilhøyrarar, som gav i underkant av 2000 kroner til Bymisjonen.
Mons Leidvin Takle:
Blues-Toccata
Grøne bøar
Johann Sebastian Bach:
Liebster Jesu, wir sind hier (BWV 730 og 731)
Nun freut euch lieben Christen g’mein (BWV 734)
Sheep May Safely Graze (arr. Virgil Fox)
Pietro A. Yon: L’organo primitivo
George Thalben-Ball: Variasjonar over eit tema av Paganini
Samuel Barber: Adagio for strykarar
Dudley Buck: Variasjonar over The Star Spangled Banner
Edvard Grieg: Norsk dans nr. 2 (arr. Bjørn Andor Drage)
I wrote this back in 2005. Can’t remember whether it was made public in any way.
It’s «Little Christmas Eve», as December 23rd is known in Norway. Tomorrow is the great celebration. Our already sky high consumption will make another jump, as Norwegian families gather, eating tons of meat and drinking gallons of alcoholic substances. Many will make their annual pilgrimage to their parish church, to hear about the supposed reason for the celebration — the birth of Jesus Christ, some 2000 years ago. But is it really?
Ein grunn til at eg ikkje har bruka pratefunksjonen på fjesboka før «Pablo» fann det for godt å slå på tråden i kveld, er at det liksom strid mot den sosialpornografiske ånda bak nettsamfunnet. Når eg fyrst har synda, gjer eg bot for det her på sida, og refererer samtala:
Eg stadfester å ha fått innkalling til militær sesjon 17. desember 2009 kl. 08:15 på RKE OSLO, med vedlagd informasjon og propagandamateriell.
Førre gong eg fekk slik innkalling (til KNM Harald Haarfagre, 30. mai 2007) opplyste eg i brev til Dykk (dagsett 16. mai 2007) at eg ikkje kom til å møta opp. Denne avgjerda, og grunngjevinga bak, står ved lag. De kjem altså ikkje til å sjå meg på torsdag, i alle fall ikkje på sesjonsstaden.
I brev dagsett 6. september 2007 (referanse 2007/041215-001 /VPV/PK/JTB/539) som De var så gilde å senda meg kopi av, bad De, ved kaptein John T. Barrusten, Krigsadvokaten om vurdera saka mi for vidare forfylging. Eg skulle gjerne visst kva Krigsadvokaten kom fram til, men har ikkje høyrt noko meir.
Eg var på farten og fekk ikkje lagt ut noko filmtips førre laurdag. Sidan eg nett er komen tilbake til Oslo, gjer eg det lett for meg denne gongen, og plagierer eit tips frå bloggen Karibua (som intervjua meg tidlegare i haust). Dokumentaren Åra som går er ei sterk innføring i den hårreisande konstruksjonen som er norsk narkotikapolitikk: