Om Cameron Carpenter og å vera seg sjølv i musikken
Lagt ut: 18. november 2009 | Stikkord: filosofi, musikk, orgel | 2 kommentarar »Mange musikarar i den klassiske tradisjonen gjev inntrykk av å gjera alt for å ikkje vera seg sjølve i musikken. Musikaren har status som eit medium, ein rein formidlar for den geniale komponisten. Folk går på konsert for å «høyra Bach», trass i at gamle Johann Sebastian forlét oss i 1750. Om dei som skal framføra musikken har godt ry på seg som Bach-tolkarar er det bra. Då kan vi koma nærare intensjonane, det Thomaskantoren meinte der han sat og komponerte. Så langt er det velkome at utøvarane set preg på musikken.
Men ingen må tru at dei kan tilføra musikken noko nytt, noko komponisten ikkje sjølv hadde i tankane, utan å fornedra meisterverket. Kven av oss døyelege kan vel måla seg med Bach og Beethoven? Problemet vert då å finna ut nett kva komponisten kan ha hatt i tankane. Tidlegare var det gjerne slik at musikarar med definisjonsmakt sette likskapsteikn mellom sine eigne tankar og komponisten sine. Den vidgjetne franske organisten Marcel Dupré er eit godt døme. Han såg seg sjølv som medlem av ein ubroten pedagogisk tradisjon frå gamle Bach, og då var det openbert at Bach skulle spelast slik Dupré tenkte. Men utover på 1900-talet vann tanken om «historisk framføringspraksis» fram, og har vorte mesta einerådande i dei miljøa eg kjenner som organist. No er det historisk metode som gjeld for å finna ut kva komponisten tenkte. Musikarar vert forskarar – dei saumfer bibliotek og arkiv etter gamle lærebøker og manuskript, finn system og samanhengar, og legg fram resultata skriftleg og gjennom praktisk undervisning. Mykje av det er så imponerande at eg tek meg i å mistenkja dei i å stundom sjå meining og orden der det knappast kan ha vore tiltenkt av opphavspersonane.
Det er altså ikkje lenger god tone å forsvara musikalske påfunn med at «læraren min seier det skal vera slik». No må det heita «læraren min seier det skal vera slik, for han har doktorgrad i historisk opplyst framføring av denne komponisten», eller for dei mest vågale «eg tykkjer det skal vera slik, for eg har granska originalmanuskriptet og funne gode grunnar til det». (Det siste dømet er heilt på kanten for alle som ikkje er minst doktorgradsstipendiatar.)
Like lite omtykt som før er det i desse miljøa å gjera sjølvstendige musikalske vurderingar. Som Descartes aldri sa: Cogito, ergo canto – eg tenkjer, altså spelar eg. Paradoksalt nok er dette den eine tingen «store musikarar» har sams. Dei gjer noko som ingen andre gjer, dei opnar nye dimensjonar i musikken for seg sjølve og tilhøyrarane. Men det er ein hårfin balansegang. Den som går for langt i å utfordra vande oppfatningar om kva som er gjengs framføringspraksis, særleg når det gjeld tolking av «store komponistar», er ingen stor musikar. Han er ein sabotør.
Ein av dei som dagleg opplever å få dette stempelet er den amerikanske organisten Cameron Carpenter. Han gjer slike usedvanlege ting som å spela «Revolusjonsetyden» av Chopin på orgel, med den virtuose basstemma – som er vanskeleg nok å få til med venstrehanda i den originale pianoversjonen – lagt ned i pedalane.
At Carpenter i tillegg legg vinn på å sjå bra ut, designar sine eigne glitrande draktar og er open om både religiøs oppfatning («100 % hedning») og seksuell smak («radikalt inkluderande»), gjer han ikkje særleg meir etande for eit konservativt kyrkjemusikarmiljø. YouTube-kommentarane på ein annan video (fjerna pr. 29.06.2011) der han spelar Bach er ikkje snaue:
All ego, no Bach … sickening … insane … the very worst of his ilk … disgusting … a total fraud … he has desecrated and defiled something that is genius and turned it into a mockery of the original score.
I meir ålvorsame fora som e-postlista PIPORG-L finn vi ein litt meir elegant ordbruk: Eit intervju i New York Times nyleg vart lagt ut med kommentaren I present this without any comment, whatsoever, at all. No ser Carpenter heldigvis ut til å ha meir enn nok sjølvtillit til å takla dette.
Det kan vera at eg som sjølv spelar på nokså høgt nivå er bortskjemd. Eg er ikkje prisgjeven framføringar av andre, eg kan gå direkte til notane, som Luther gjekk ad fontes med Bibelen. Eg kjenner standardrepertoaret på orgel godt nok til at eg sjeldan opplever overraskingar på konsertar. Difor keiar eg meg òg lett om ikkje organisten gjer noko utanom det vanlege.
Men kva med dei vanlege konsertgjengarane, dei som kan henda høyrer stykket for fyrste gong? Burde ikkje dei få høyra ei «uforkludra» tolking, der musikken får tala meir for seg sjølv?
Nei. Kven som helst kan gå på biblioteket eller rusla ned i piratbukta og finna grå, keisame og sedvanlege innspelingar av kva det måtte vera.
Det som vil halda fram med å gjera den klassiske musikken irrelevant i samfunnet, er utøvarar som ikkje har noko på hjarta, som ikkje torer å gjera musikken til sin eigen. Problemet stikk djupt. Ein definisjon av klassisk musikk er jo «stykke vi spelar i dag, frå den tida då musikarane var kreative nok til å skriva sin eigen musikk». Godt at vi har kreative, grensesprengjande utøvarar som Cameron Carpenter som kan visa vegen framover. Dei færraste organistspirer kjem til å fylgja han heile vegen. Men eg vonar og trur han er med på å opna for at fleire kan gå sin eigen veg.








råkul type, kan få hvem som helst til å digge orgelmusikk! men kan du poste det klippet der noen ringer og vil donere orgelet sitt? :p evt. sende på e-post?
Bra skrevet!
Kan bare ikke skjønne meg på alle de som henger seg fullstendig opp i å spille etter tradisjonene og må gjøre alt etter detaljerte forskrifter og lover, og må begrense seg selv fullstendig etter hvordan forskerene tror komponistene gjorde det og hva som er stilmessig riktig. Det dreper bare musikkgleden, bra som Carpenter som tolker ting på sin egen måte og gjør det mere spennende.
Og av vanlige folk, hvem bryr seg om hvordan man spiller det bare man spiller det med overbevisning.