Lisboa-traktaten på 300 ord

Lagt ut: 30. november 2009 | Stikkord: | 2 kommentarar »

I morgon, 1. desember, tred Lisboa-traktaten i kraft i EU. Førre månad vart eg spurd om å oppsummera konsekvensane av traktaten på 300 ord for bladet Motmæle*. Teksten vart til faktaboks, men her kan du lesa originalen**. For å gjera det enkelt omtalar eg traktaten berre som Lisboa.

To presidentar

Medan leiarskapen i det europeiske rådet i dag går på omgang mellom medlemslanda, skal rådet ifylgje Lisboa velja ein president som sit i to og eit halvt år. Dette vervet har vore omtala som «EU-president», men kjem ikkje i staden for presidenten i Europakommisjonen, den førebels mektigaste stillinga i unionen. EU får altså to presidentar, og korleis tilhøvet mellom dei to embetta vert sjåande ut er eit nokså ope spørsmål.

Éin utanriksminister

Med Lisboa vert dessutan verva som høgkommisær for den sams utanriks- og tryggleikspolitikken og kommisæren for ytre samband og europeisk grannelagspolitikk slegne ihop til éin høgkommisær for unionen i utanrikssaker og tryggleikspolitikk. Med slike namn er det kanskje ikkje så rart at media helst talar om at EU no får sin eigen «utanriksminister».

Sterkare parlament

Det folkevalde Europaparlamentet får ei større rolle å spela på nokre felt der ministerrådet tidlegare har rådd grunnen åleine, mellom anna transport. Parlamentet får dessutan meir ansvar for EU-budsjettet enn før.

Grunnleggjande rettar

Lisboa gjer fråsegna (charteret) om grunnleggjande rettar rettsleg bindande for alle medlemsstatane. Dette er eit dokument frå år 2000 som i det store og heile speglar den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Frå tre pålar til ein person

Av historiske grunnar byggjer EU i dag på tre pålar: Den europeiske felleskapen, den sams utanriks- og tryggingspolitikken og det rettspolitiske samarbeidet. Lisboa fører til at denne inndelinga fell bort. EU får status som ein «juridisk person», slik at unionen i seg sjølv kan gå inn i avtalar med andre statar.

*: Medlemsbladet til Norsk Målungdom. Er du under 26, har du å melda deg inn.

**: Nett det fyrste avsnittet er skrive om. Men artikkelen over, inkludert overskrifta, er framleis nøyaktig 300 ord lang.

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks

2 Comments on “Lisboa-traktaten på 300 ord”

  1. 1 Ketil said at 20:11 on november 30th, 2009:

    Skummelt.

  2. 2 Frank Aage Fjellbekk said at 14:51 on januar 25th, 2010:

    Nettopp av bl.a. de grunner som oppgis i dine 300 ord, har jeg vært ihuga EU-tilhenger siden første debatt i 1972. Da var jeg 13 år. Deretter har min overbevisning blitt bare sterkere og sterkere. Noe av hele poenget med Den europeiske Union, er å avgi nasjonal selvstyring og -råderett.


Leave a Reply