Kyrkjemusikalske kjettarord

Lagt ut: 16. november 2009 | Stikkord: , , , | Ingen kommentarar »

I dag er det tre år sidan eg heldt min fyrste orgelkonsert i utlandet. Her på bloggen vil eg i tida som kjem kasta fram nokre tankar eg har gjort meg om framføring og formidling av musikk, som utøvar og publikummar. Dei kan vera hard kost for nokon, men det får det heller vera. Ta del i ordskiftet ved å skriva i kommentarfeltet under artikkelen.

Musikk er menneskeleg samhandling. Sosiologar ville kalla det «relasjonelt». Ein enklare måte å seia det på er at musikk oppstår mellom menneske – og då tenkjer eg musikk som i Bach og Beatles, ikkje «søt musikk». (Ei anna sak er at dyr òg er musikalske, men det får eg koma tilbake til ein annan gong.)

Inga samhandling utan handling. Nokre musikalske handlingar er ytring, mottak og tilsvar. Under ei framføring går desse handlingane i krinslaup inni meg som utøvar. Eg ytrar meg ved å spela. Eg tek imot ved å lytta til det eg spelar. Eg svarar ved å spela vidare, kan henda på ein litt annan måte som fylgje av lyttinga. Alt skjer sjølvsagt samstundes, men dei tre handlingane heng ihop på eit vis. Eit liknande krinslaup går mellom meg og publikum. Publikum tek imot spelinga mi, og svarar.

Tilsvar er òg ei ytring. Når publikum på rockekonsertar hoiar og skrik og vaiar med armane – om ikkje alt på ein gong – vert dei med på å skapa konserten utover det å berre vera til stades. Gode band veit å utnytta dette ved å kommunisera aktivt med publikum undervegs, med tale og kroppslege fakter i tillegg til musikken. Krinslaupa flettar seg inn i kvarandre og utvidar seg i alle retningar.

På klassiske konsertar er tilsvaret frå publikum disiplinert ned til applaus mellom stykke, avdelingar eller til etter at heile konsertprogrammet er framført. På kyrkjekonsertar hender det at jamvel applausen fell bort. Dei musikalske handlingane er einsidig ytring og einsidig mottak. At det er mest ekstremt i kyrkja er knappast overraskande – ho er jo vel kjend som arena for einvegskommunikasjon. Tanken er nok at fokus skal vera på den andre sida, på Gud eller i alle fall på andelege tankar.

Likskapane er mange for den som ser etter. Som kyrkja gjev nokre heilage skrifter ei særskild stilling for menneske som vil utforska det andelege, set den klassiske konserttradisjonen dei musikalske skriftene – notane – i høgsetet. På engelsk har det gått så langt at notane vert kalla «the music». Men både prestar og musikarar legg vekt på at skrifta ikkje kan lesast isolert. Ein må kjenna samanhengen, med det for auga å finna ut kva forfattarane eigentleg meinte. Her må ein gjerne gå grundig til verks, men heile tida akta seg for å ikkje blanda seg sjølv inn i biletet. Ingen truande må innbilla seg at ho har større andeleg autoritet enn dei som skreiv Bibelen med gudegjeven penn. Og ingen utøvar kan ha meir å seia om eit stykke musikk enn det komponisten hadde i tankane då han sette notane på papiret.

Resultatet er klassiske musikarar som gjer alt for å ikkje vera seg sjølve. Dei spelar konsertar, og undrar seg over kvifor folk ikkje møter opp. Kyrkja på si side opplever stagnasjon og tilbakegang, medan «alternativrørsla» spirer og gror som aldri før. Både musikarar og kyrkje har problem med å nå ut med bodskapen til breie lag av folket. Kan det vera av di dei ikkje har nokon bodskap å koma med, men nøyer seg med å referera andre?

Del
  • Print
  • Digg
  • StumbleUpon
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Yahoo! Buzz
  • Twitter
  • Google Bookmarks


Leave a Reply