Jesus, kyrkja og dei rusmiddelavhengige
Lagt ut: 28. november 2009 | Stikkord: kyrkje, narkotika, politikk | 1 kommentar »
Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg … Alt det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.
Utdraget er frå preiketeksten i Den norske kyrkja førre sundag, den såkalla domssundagen. Med slike tekstar på det faste programmet, er det til å undrast over kvifor statsreligionen ikkje vekkjer meir oppsikt. Det er harde ord Jesus vert sitert på, og dessutan så klare ord at bodskapen vanskeleg kan dempast utan å ha teologisk embetseksamen. Til gjengjeld presterer prestane ofte sine mest imponerande tolkingstekniske kunststykke nett denne sundagen. Dei færraste vågar å leggja retoriske knep på hylla og la teksten konfrontera oss ope.
Vi treng knappast lyfta blikket langt utover kyrkjebakken for å sjå «desse minste» som Jesus utnemner til sine representantar. I byen der eg livnærer meg som organistvikar er det nok å gå ut på kyrkjetrappa. Samankrøkte på gata i all slags vêr og vind, året rundt, sit menneske som opplever både svolt og tørst, ofte dårleg kledde, mange med talrike fengselsopphald bak seg. Livet på gata for desse menneska kan vera dødelegare enn for soldatar i krig, men velferdsstaten Noreg reagerer med å nekta dei helsehjelp og menneskerettar som vi elles tek for gjevne.
Vi er ikkje vane med å sjå dette som eit fattigdomsproblem, som eit spørsmål om grunnleggjande menneskeverd. For desse menneska døyver i stor grad elendet sitt med rusmiddel, og nokre av stoffa er ulovlege, såkalla narkotika. Dei vi då kallar narkomane er ikkje som andre folk. Dei må ikkje få for god medisinsk hjelp, for det kunne gjera det attraktivt for andre å byrja med stoff. Men vi sluttar jo ikkje å behandla lungekreft for å få folk til å stumpa røyken. Medan vi elles er opptekne av å ha verdas beste helsetenester, er Noreg dårlegast i klassa når det gjeld å ta lærdom av lågterskeltilbod som har redusert overdosedødsfalla kraftig i andre land. Politikarar frå alle leirar syner grenselaus omsut for at alle arbeidstakarar skal få ta del i den årlege lønsfesten, medan rusmiddelavhengige risikerer å mista sosialhjelpa – det siste, tynne tryggingsnettet i velferdsstaten – når dei ikkje maktar å møta opp til rett tidspunkt på NAV-kontoret. Under dekning av krigen mot narkotika går enorme ressursar til politi og fengsel, i staden for til hjelp for dei svakaste i samfunnet.
I dette perspektivet vert preiketeksten på domssundagen nærast blendande relevant for oss i dag, uansett kva religiøst standpunkt ein måtte ha. Jesus går mykje lenger enn alle stortingspolitikarane våre med vilkårslause krav til eit medmenneskeleg samfunn. Den dagen kyrkja vågar å tala ope om dette, vert ho meir relevant enn nokon kan ana.
(Innlegget kom på prent i Vårt Land 5. januar 2010, under overskrifta Sterke ord frå Jesus.)








Amen!