Pass og personvern
Lagt ut: 9. april 2009 | Stikkord: politikk, reise | Ingen kommentarar »Dette innlegget stod fyrste gongen på VG-bloggen min.
Reiseglad som eg er, skulle eg her om dagen få meg nytt pass. Etter to timar venting på Sentrum politistasjon vart det så endeleg min tur. Byråkraten bak skranken tasta inn personopplysingane mine, såg at det mildt sagt lite sympatiske passbiletet mitt var i samsvar med reglane, alt i orden. – Du får passet i posten innan 10 dagar.
I posten? Ja, for «alle pass sendes som ordinær post. Skulle alle pass sendes som rekommandert post, ville dette kostet NOK 19-20 millioner per år. Denne utgiften står ikke i forhold til hva man ville oppnådd. Passet som sendes som ordinær post er så godt sikret mot manipuleringer/forfalskninger at dette ikke skal representere noe problem», forsikrar politiet. At dei færraste har låst postkasse, og at politiet ved å senda pass som vanleg brev ikkje kan kontrollera kven som faktisk får hand om passet, er mindre viktig enn å spara 10-20 direktør-årsløner.
I USA vert 10 millionar menneske kvart år utsette for identitetstjuveri. Tilsvarande tal for Noreg finst ikkje, men dersom det skulle vera like vanleg her vil kvar innbyggjar i snitt oppleva dette 2-3 gonger i livet, ifylgje Datatilsynet. Det stemmer at moderne pass er godt sirka mot manipuleringar og forfalskingar, men det er ille nok at alle som veit kvar postkassa di er skal kunna fiska ut alle vitale opplysingar om deg.
Rett nok: «Dersom du ikke ønsker å få passet sendt hjem til deg som ordinær post, kan du velge å hente passet hos politiet når passet er ferdig produsert». Det var ikkje fullt så enkelt i mitt tilfelle, eg måtte nærast krangla meg til å få henta passet personleg, men det gjekk no til slutt.
Den digitale teknologien byd på fantastiske gode, men òg på nye problem. Miljøpartiet Dei Grøne vil oppdatera lovgjevinga for å hindra identitetstjuveri. Å gje politiet dei 20 millionane for at dei skal handsama pass på ein forsvarleg måte ville vera eit steg på vegen.








Leave a Reply